torsdag 18. september 2008

Gamle Karmel.

Bedehuset ”Karmel” 100 år – 1978.

Jubileumshefte av Nils Dybdal-Holthe, 1978.

Føreord.

Det har vore skrive lite om Karmel. Då huset var 50 år, var eit lite hefte skrive. Forfattaren er ukjend. Som ei 75-årshelsing skreiv sokneprest Lars Skadberg ein artikkel i Haugesunds Avis 14. nov. 1953. Men elles finn ein lite om bedehuset i vanlege sogebøker og kyrkjesoger. Bedehusa har ikkje alltid vore rekna med som verdige kulturhus.

Elles er møteprotokollane nytta som kjelder. Eg har og hatt høve til å lese kallsboka åt prestane i Avaldsnes. Om Avaldsnes generelt finn ein mykje stoff i Lars Skadberg si bok: Olavskyrkja og kongsgarden på Avaldsnes, 1950. Ein finn og noko i heftet til Vigleik Rosseland frå 1929: Olavskyrkja paa Avaldsnes. Om Oftedal kan ein lesa i ”Vårløysing” I, av Oscar Handeland og ”Vekkelsens menn”, red. av Ingvar Haddal, 1970.

100-årsskriftet skal freista å gje glimt frå arbeidet i det eldste bedehuset i Avaldsnes. I eit slikt arbeid er det det usynlege og ævelege som tel mest, og det kan ikkje skildrast i eit festskrift. Her kan ein berre taka med dei ytre krusningane.

N.D.H.

----

#85_5_306

Sogesus- - !

Det er sogesus over Karmøy, og særleg over Avaldsnes. Her er minne frå utgammal tid med gravhaugar frå heidningtida til segner om tida då læra om ”Kvite-Krist” nådde kysten. Segner fortel om korleis kong Augvald frå Telemark slo seg ned på neset og dyrka ei ku som gud og gav bygda namn (Augvaldsnes som ho heitte før). Her er far etter risane som bygde og budde i haugane på ”Blodheiå”, Rehaugane og kong Augvald sitt vidkjende slag mot kong Fartegn (Ferking) lenger sør på øya.

I ”historisk tid” møter me dei norske kongane som siglde gjennom sundet og reid gjennom bygda. På kongsgarden finn me kong Harald Hårfagre og Olav Tryggvason så vel som Heilag-Olav. Snorre fortel t.d. om Olav Haraldson som nett her laut gje Asbjørn Selsbane grid etter krav frå Erling Skjalgson frå Sola og biskop Sigurd.

Lite tenkjer vel den hastande trailersjåføren og camping-turisten på sogesusen der dei pressar speedometeret nokre hakk over lovlege fartsgrenser langs riksveg 14. Eit flyktig blikk vert det mot Grønhaug på Bø og nokre usikre, flakkande glimt av Olavskyrkja bak arabiske båtar i opplag i Bøvågen. Han skal fort av stad – mot fergekai eller Hardangervidda.

Men i 100 år har dei reisande ikkje kunna unngå å sjå det låg og kanskje lite staselege bedehuset ved vegkanten.

Karmel!

Støvet frå landevegen set dagleg sitt preg på det, og nedslite er det blitt etter ”tidens tann”. Ikkje mange tenkte kanskje så høge tankar om det der dei skulle vidare forbi Alnor og vakre, moderne bustadhus.

Likevel – det var sogesus over denne skeive tømra og. Det var av eit annan slag enn om heidenske krigarkongar og blodige slag.

Her var ein annan konge i sentrum. Her vart det kjempa ein annan kamp – i menneska.

Eit anna bilete er kanskje betre: Karmel tyder hage, eller Guds vinhage. Namnet er henta frå Israel, eit 350 m. høgt fjelldrag som strekkjer seg ikring 20 km frå byen Haifa og søraustover i landet med rik vegetasjon. Det er nemnt fleire stader i Bibelen. Her er m.a. staden der Elias utfordra Baalsprestane, då Israels Gud vann siger.

Då initiativtakarane nytta dette namnet ”Carmel” på bedehuset, ynskte dei vel at det skulle vera ein hage for Gud der det skulle veksa og bløma – og bera rik frukt for Gud. Han skulle sigra i åndskampen.

Nyvakning.

Landet vårt har vore rikt velsigna. Tidleg kom ljoset frå Gud til fjella her nord. Olavs-kyrkja er minne om tidleg kristning. Det har blømt i denne Guds hage i mange år, om det då til tider visna ned og bar lite frukt. Men nye vårar og ny vakning kom. Haugevekkjinga skpate ei slik grotid her i landet. Han har sett djupe spor etter seg. Seinare kom vekkinga ved Gisle Johnson, og i særleg grad hadde Rosenius-vekkinga ein god og frigjerande bodskap med seg. Folket søkte Gud og fann fred. Med det fekk dei ein ny trong: å samlast om Guds ord utanom dei ordinere gudstenester, til friare former for samvær med bøn og vitnemål. Trongen til misjon vakna med vekkingane. Nye menneske og nye folk måtte vinnast.

Så fekk bedehusa si tid. I Skudeneshavn vart det bygt bedehus alt i 1861. Men her nord på øya var ingen.

Fyrst skulle bygda oppleva si nyvakning. Det vart ei eineståande tid under leiing av vekkingspresten:

#86_5202

Lars Oftedal.

Soga om han er så nøye knytt til dette arbeidet at nokre hovuddrag om han bør vera med her. Han var fødd i Stavanger i 1838 og høyrde til ei gammal, kjend slekt som kom frå Høgsfjord. Faren var ein driftig og arbeidsam mann – han var lærar, bankkasserar og bonde. Noko av dette smitta over på guten, også Lars hadde mange jarn i elden. I 1864 tok han presteeksamen etter fem år som student. På same tid hadde han vore huslærar og lekpreikar på Austlandet. Etter ei tid som predikant for Bergen Indremisjon kom han til Cardiff i England som sjømannsprest. Der vart han to år. I ein tale hadde han gått til åtak på presteskapet i Noreg, noko som kom kyrkjedepartementet i Oslo for øyra. Og med det var prestetenesta slutt der.

Men Oftedal kunne ikkje sitja i ro om han vart nekta presteteneste. Han tok til som predikant og reiste landet rundt med det enkel evangeliet. ”Hans ferd gikk langs kysten – helt til Troms kom han. Overalt flokket folket seg om talerstolen hans. Her kunne man med rette tale om de rene folkevandringer. Og i tusenvis kom folk til troen. Oftedals taler var likefremme og rett på sak. Han la ikke skjul på noe. Han kunne krydre sine taler med humor og anekdoter, men hans forkynnelse var rystende alvorlig.

.

--

Og uttrykkene han brukte – den folkelige språkdrakten – var oftest ikke i overensstemmelse med det lokale presteskaps oppfatning. Prestene ville nødig låne ut kirkene til Oftedal … Men den aktive Oftedal kunne ikke nøye seg med møter søndags formiddag. Møter i løer og uthus ble derfor ofte løsningen. En tønne eller en kasse gjorde tjeneste som prekestol – og folk plasserte seg på låvebjelker eller i høyet eller utenfor på tunet. Og emissæren med teologisk embetseksamen prekte omvendelse og pekte på Jesus Kristus som den nådige og kjærlige frelser. Men han tordnet også mot sædløyse, mot folkets umoralske vandel, mot ”drukkenskapen”.”

- Slik skriv Gunvald Justnæs i ”Vekkelsens menn”.

.

Det gir truleg eit korrekt bilete av tida i Avaldsnes og. Han var stiftskapellan og kom til Avaldsnes i 1870 etter Jakob Wetlesen som døydde i embetet. Biskopen skreiv til han då: ”Reis til Avaldsnes og la oss få fred!” Det vitnar litt om den uro Oftedal hadde skapt i kyrkjelege krinsar. Men få år etter kom biskop Heuch til Karmøy og kalla øya for ”Insula sanctorum” (dei heilage si øy). Og nettopp Oftedal skulle verta ein av reiskapane til det. I 100 års minneskriftet for Avaldsnes herad i 1937 står det om Oftedal si prestetid: ”Då vart det stor vekking i Avaldsnes. Store flokkar med ungdom vart bekjennande kristne. Tanken på bedehus kom opp då.”

.

For denne store ungdomsflokken tok Oftedal til med skule. Ved sida av kristendom underviste han og i fag som norsk og rekning. Her møter me litt av vidsynet til Oftedal, noko me vil møte att fleire gonger i soga hans.

.

Frå Avaldsnes reiste Oftedal til Skjold. Då han tok farvel med Olavskyrkja i februar 1871 sa han m.a. til sine kjære vener:

.

”Herren har gjort store ting imot oss, derfor er vi glade.”

.

Fram til 1874 styrde han ti soknekall. Då vart han kallskapellan i Hetland kyrkje i Stavanger og i 1880 kom han til Petri kyrkje i Stavanger. Ein mykje aktiv periode tok til i Stavanger, her vart bedehuset Betania bygd og seinare Waisenhuset. Her starta han blada ”Bibelbudet”, ”Vestlandsposten” og seinare (forløparen til) ”Stavanger Aftenblad”. To av blada lever framleis. Han vart vald inn på Stortinget fleire gonger. 2. mai 1900 somna han stille inn. Mange syrgde. Og song vel den songen Oftedal hadde dikta det året han reiste frå Avaldsnes:

.

Snart skal vi der blant frelstes hær

Stå i den hvite drakt

Og aldri, aldri skilles mer,

Opp, venner, opp på vakt!

#8

Karmel vert reist.

.

”Ved denne anledning blev disse menn så grepet av tanken om å ta arbeidet op om dette. Venneflokken blev sammenkalt og gav sitt samtykke til dette.”

.

Slik heiter det i eit anonymt 50-års skrift til Karmel indremisjon i 1928. ”Denne anledning” er innviinga av Lars Oftedal sitt nye bedehus i Stavanger, ”Betania”. Fem utsendingar kom då frå Avaldsnes for å vera med om høgtida i 1875. Dei som reiste var sokneprest Th. Fr. W. Barth, Kristian Utvik, M. Madsen, Sven Skeie og Endre Hinderaker.

.

Innviingsfesten i Betania var slik den direkte årsak til at Karmel vart reist. På denne tida var Lars Oftedal ”konge” i Stavanger, som Oscar Handeland seier i ”Vårløysing”. Me kan vere trygge for at bedehuset Betania var fullsett – etter innviinga i 1875 var det plass til 12-1500 menneske der. Med vekkingspresten Oftedal som talar må åndsmakta ha vore sterk midt i den rike vekkingstida som då var. Og det var slett ikkje underleg at dei fire Avaldsnes-buane var gripne. Dette at det kom utsendingar frå Avaldsnes til festen i Stavanger, syner klårt nok at dei kjende seg i slekt med Oftedal. På båten heim har die nok tala saman om dette: Tenk om me og kunne få eit slikt hus, der vekkingselden kunne brenna og menneske møta Gud!

.

Og tanken vart til handling.

.

Huset skulle reisast.

.

Drivkrafta i arbeidet var Kristian Utvik, Kristian Neset, som dei kalla han av di han budde på Prestaneset. ”Men heile prestegjeldet gjekk saman om den oppgåva,” skreiv sokneprest Lars Skadberg i Haugesunds Avis 14. nov. 1953, då var Karmel 75 år. Han held fram: ”Sume gav personlege gåver. Dei var visseleg mange. So vart det skipa til basarar. Det skal vera Oftedal som tok til med den måten å samla pengar på. Men det vart no berre nokre øyrer. Folk hadde ikkje so flust med kontantar då… Bygningsmennene som sette opp huset var frå Skjold. ”Hoklane” kalla folk dei, so dei må ha vore frå Hokil… Materialane dei nytta til Karmel var heller smålagd, so dei laut leggja stokkane ”anføtes”, og før det vart bordkledd, kunne ein råka til å sjå tvers gjennom veggene eller novene. Mosen fekk ikkje plass til å liggja.”

.

I 50 års skriftet er det sagt at ”ei gammal kone på Skeie gav kr. 600,-. Det var ein stor sum, elles var det helst små bidrag som var gitt.” I same skriftet er det og nemnt at det var fru pastor Myhre som tok til med bedehusbasarane.

.

Huset vart reist i 1878. Men ein finn ingen stad i korkje styreprotokoll eller kallsbok for Avaldsnes at det vart halde innviingsfest eller opningsmøte. Styre for huset vart heller ikkje vald før to år etter. Då vart og statuttane opplesne og godkjende.

.

Men huset var ikkje heilt ferdig i 1878. Det var truleg økonomiske problem som gjorde at det ikkje kunne gjerast straks. Det stod eit par år før det kom bordkledning på. Då måtte huset stivast opp med opplenger, av di veggene hadde store bukter, skriv Skadberg.

.

Sjølve bygginga var eit stort løft i ei trong tid, og det viktigaste var at huset kunne brukast. Det var ikkje snakk om å låne pengar til slikt i den tida. Det heiter også programmatisk i § 1 i statuttane: ”Det ved frivillige bidrag opførte bedehus…” Karmel skulle vera utan gjeld til noko menneske, fritt til å tena Guds sak.

.

Leiarar.

.

Den fremste av desse var Kristian Udvig (eller Neset). Han hadde vore ein av dei drivande for å få bedehuset opp, og han var den sjølvskrivne leiar for møteverksemda der. Han var fyrste bedehusformannen. Det var ein grepa mann som hadde eit forunderleg varmt hjarta og inderleg omsut for dei unge kristne. Det vart fortalt om han at han hadde stade i si dåpspakt og ikkje falle frå. Dei som kjenner han personleg, set han umåteleg høgt. Kristian Udvig var også medlem av Avaldsnes heradstyre. Og det fortelst at han freista å få innført den skikk der at heradstyremøte skulle taka til med andakt. Men det lukkast ikkje for han. Sidan nemnde han heradstyuremøta som ”skabba-møter” og freista å koma seg burt frå bygdepolitikken. Det fylgde ein underleg age med han. Ein kveld gjekk han framom ein flokk ungdomar som dreiv og dansa. ”Dokke moroa dokke her,” sa han til dei. Ikkje noko anna. Men dansar-flokken kvarv som dogg for sol burt frå han Kristen.

.

Nest etter kom skomakar Jan Lindtner, som også vart formann og leiar for ”Karmel” då Kristian Udvig slutta.

.

Andre som var med og styrde i denne fyrste tida var Baard Baardsen Udvik, Aadne Udvig, brørne Kolbein og Peder Larsen Hinderaker. Joseph Vaage var også mykje verksam på ”Karmel” etter at han hadde slutta som folkeskulelærar (i Kolstø og Vorre krinasne). Det var helst arbeidet for heidningemisjonen som låg han på hjarta. Og fleire andre trauste og truverdige menner saman med desse.

.

Endre Knutsen Hinderaker, som vanleg vart kalla Endre Bakken, var med i bedehus-verksemda frå huset vart sett opp og mest til sin døyande dag i 1950. Han vart formann etter jan Lindtner og styrde lenge og trufast. Endre var ein israelitt utan svik, pla prost Rasmussen seia om han. Mange minnest han frå den tid dei gjekk på sundagsskule for han.

.

Etter han har desse vore bedehusformenn etter tur: skomakar Kristian Lindtner, gbr. Bertel Vaage, gbr. Ola Utvik og gbr. Torger Sørbø, Skadberg. I jubileumsåret er Jakob Kalstø formann.

.

Huset bruges…

Statuttane (eller lovene) for huset gir klåre retningsliner for korleis huset bør brukast. Dette syner at dei var framsynte menn som stod i spissen. Dei ynskte at arbeidet skulle gå vidare i den same ande som Oftedal hadde skapt i bygda, og som dei var overtydde om var i samsvar med Bibelen. Det er fleire trekk ved statuttane som syner dette.

.

”Formålet for dets opførelse er at yde et sted, hvor Guds-ordet overensstemmende med vor lutherske lære kan forkyndes til vækkelse og ledelse…”, står det i § 1. Det siste uttrykket er heller originalt. Dei tenkte vel med det på oppbygging og eit heilagt liv der dei truande skulle leiast etter Bibelen.

.

Klårt står det og i § 2 om kven som kan bruka huset: ”Huset bruges udelukkende til kristelige forsamlinger og sammenkomster, hvormed Guds riges udbredelse direkte eller indirekte fremmes.” Det skulle ikkje med andre ord nyttast til dans, politikk eller anna ikkje-kristne føremål. Skulle ein verte i tvil, skal ”bestyrelsens pluralitet” ta avgjerd. Her ser me korleis dei var prega av demokratiet: fleirtalet skulle styra. Og slik skreiv dei av di dei hadde tiltru til styret: dei fleste der ville fylgja orda og ånda i Bibelen.

.

I mange eldre bedehusstatuttar finn ein paragrafar som lukkar dissentarar og vranglærarar ute frå huset. Også i Karmel sine statuttar er det klårt. Alt i § 1 er det sagt Ordet skal forkynnast i ”overensstemmelse med vor lutherske lære”. Det vert innskjerpa i § 3: ”Adgang til at benytte huset i ovennevnte øjemed har kun mænd, hvis lære og liv enten ved direkte kjendskab af bestyrelsen eller ved skriftlig vidnesbyrd fra personer, hvis lære og liv er kendt, befindes at være overensstemmende med Guds ord og vor lutherske bekjendelse.” Andre ”tillades på ingen måde adgang til at benytte huset”. For å sikra seg i ei slik sak seier § 4 at ein eller fleire i styret bør vera til stades ved alle møte! Ein ynskte altså sterk kontroll med forkynninga. Dei var fullt klår over at vranglære lett kan smyga seg inn i ein truande forsamling. I 1930 måtte ein av styrelemene gå ut or styret då han hadde meldt seg ut or kyrkja. Ein klår fylgje av statuttane.

.

Eit sers interessant punkt i statuttane er § 9, og det gjeld særleg i eit flytteår. ”Huset tilhører Avaldsnes menighed, og ingen enkelt har noget ejendomskrav på det.” Med dette er vel meint at dei truande i bygda som tilhøyrer statskyrkja, skal stå som eigarar av bedehuset. Og så heldt dei fram dette: ”Huset forbliver stående på den af Kristen hans Knudsen Udvigs skjenkede grund, og kan ikke nedrives, bortflyttes eller på anden måde realiseres.”

.

Kva det fyrste styret har tenkt med denne paragrafen, er ikkje lett å oppspora i dag. Det er vel mest nærliggjande å tenkje slik: Dei ville syrgja for at arbeidet på Karmel heldt fram. Og dei nytta så sterke ord og uttrykk som dei fann for at det skulle skje. Dinest kan dette vera årsak: Arbeidet på Karmel skulle halda fram i same ande som før. Inga einskild gruppe skulle kunne riva huset til seg i eiga interesse. Difor står dette i same paragraf der det er sagt at ”huset tilhører Avaldsnes menighed”.

.

Etter desse retningslinene kunne huset takast i bruk for alvor. Arbeidet ”i” huset kunne ta til.

.

Ny vekking.

I nokre år gjekk arbeidet truleg sin jamne gang med møte etter det vanlege mønster i slutten av 1800-talet. Skadberg skriv om det: ”Oppbyggjingsmøta på bedehuset i den fyrste tida vart heller langdryge. Det var særleg om sundag ettermiddagen fram mot kvelden. Ein nytta same ”ritualet” som elles når møte vart halde på skulehusa i dei andre krinsane. Fyrst song dei ei salme (or Landstad Salmebok). So var det ein av brørne som opna møtet med bøn. Kristian Udvig las so opp ei preik frå ein huspostille (kanskje Johan Arndt). So ei lang salme att. Kanskje det då var ein flokk kvinner (som var) flinke til å syngja. Dei song so nyare songar. Nett under Oftedalsvekkinga hadde det vorte eit omskifte i kristeleg song. Før den tid hadde ein nytta dei gamle folketonane. Men etter vekkinga syntes dei nyvakte at desse var for tunge. Det var ”gråtetonar” som ikkje høvde lenger. No tok ein til å nytta nyare og lettare songar og tonar til. So vart det frie vitnemål. Då kunne ein annan av brørne (eller Kristian Udvig sjølv) tala, og halda på burtimot ein time. Soleis varde eit sundagsmøte tri-fire timar. Det var noko lenge for borna som laut fylgja foreldra på møtet.

.

Vekkinga stansa ikkje med Oftedal. I 1885 braut det ut ei ny gjennomgripande vekking over Nord-Karmøy. Reiskap denne gong var ”kinaemissæren” Thormod Rettedal frå Høgsfjord. Andr. Nielsen frå Jelsa var og med. Han var på denne tida bakar i Kopervik. I lang tid vart Rettedal på Karmøy og opplevde ei uvanleg rik tid både på Karmel og i Visnes der han stod i ei sterk vekking hausten 1885.

.

Me let O. Handeland fortelja om eit møte på Karmel dette året.

.

”Bodet har gått rundt alle bygder, at Thormod Rettedal og Andr. Nielsen skal tala der til vanleg kyrkjetid.

.

Huset er ikkje så reint lite heller når ein kjem inn i det. Fullsett tek det fleire hundre menneske (?). Men vent kan ein ikkje seia det er, og heller ikkje mykje praktisk. Taket ligg lågt: knapt meir enn 2 1/2 meter over golvet. Det kviler på 8 tunge stolpar, 4 på kvar side av midtgangen. Midt i loftsgolvet er det ein stor lem, og midt på golvet ein stor omn. Talarstolen står ved den eine tverrveggen, midt imot døra. Benkene er enkle og sterke – som vanlege bedehusbenker. På båe langvegger er det vindaugo.

.

I jamn, roleg straum kjem folket inn og fyller først alle benkeradene, så gangane og til slutt rommet ovanpå. Lemen er dregen til side, så dei som sit der oppe kan få høyra talaren. Det er mest ungdom som har fare ”på loftet”. Ein og annan gutungen legg seg på magen og kikar ned i salen.

.

Her er folk frå mange kyrkjesokner. Frå Sveio, Haugesund, Skåre og Torvastad i nord til Falnes, Åkra og Koparvik i sør. Og frå sjølve Avaldsnes er det samla mest alt som kan krypa og gå. Store og små, fattige og rike, friske og sjuke.

.

Huset er overfylt. Men endå kjem det folk i store flokkar, nordanfrå og søranfrå. Dei gir seg til å stå utanfor vindaugo på den sida der ”postvegen” går. Snart er det likså mange ute som inne.

.

I dag er det nok ikkje å bruka talarstolen. Dei som er ute må også få høyra. Sterke, grove arbeidernevar rykkjer eit vindauga ut, og like ved glaset blir det sett eit bord. Det skal vera talarstol i dag.

.

Møtet har teke til. Det er stilt, stavstilt, både ute og inne. På bordet attmed vindauga står Thormod Rettedal. Han les ei tekst or Bibelen og legg i veg med å tala. Alle augo er vende imot han, folk ventar med spaning på kvart ordet…

.

Sola har nådd middagshøgda. Varmt er det ute, men endå varmare inne. Rettedal sveittar så det renn der han står i vadmelstrøya og fektar med armane. Han gjer ein stans i talen og spør dei som sit nærast. ”Kan det skjemma ut om eg kastar trøya, her er så varmt?”

.

”Oss gjer det ingenting, bare kast du trøya.”

.

Men også møtelyden har fått bruk for lomeduken. Ikkje bare til å turka sveitten, men også til å tørka tårer. Mange hovud er bøygde, ute og inne lyder hulking og gråt… Alle er eit sterkt minne rikare. Men for somme blei det ein dag det aldri gløymde.”

.

TI ÅR ETTER kom ei ny vekkingsbylgje då emissær Bertinius Røisland frå Indremisjonen var talar. ”Røislandsvekkinga greip sterkt om seg i distriktet og varde i fleire år. I 1918 var det vekking ved Alfred Hagnor og i 1927 ved Alf Olsen. I 1942 stod Hans Gilje i vekking der.

.

Bedehusarbeidet.

Les ein gjennom møtebøkene for Karmel finn ein lite spor etter vekkingane. Eit unnatak er den siste vekkinga ved Olsen der det heiter i referatet: ”Vi har dette aar hatt den glæde og set mange mennesker har overgit sig til Gud. ” Vekkinga i 1942 er og nemnd der.

.

I den fyrste tida hadde styret få møte (som er referert i protokollen). Det fyrste møtet var 30. okt. 1880. Neste gong dei samlast var 16. febr. 1884. Så skulle det gå fem år til neste møte – den 17. mars 1889. Til vanleg var det berre eit par saker som ”behandledes”: val av formann og diverse utloger som skulle dekkast. I 1889 finn ”Bestyrelsen at burde indskjerpe den gamle regel, at møter på ”Carmel” tillyses sammesteds søndagen før de holdes”. Dette gjeld i særleg grad ”missionsmøder og lignende”. Dette syner at ein har teke til å slurve med annonseringa, og folk har sikkert klaga over at dei ikkje alltid har visst om møta. Kanskje det er litt av forklaringa på at formannen i 1939 må klaga over lite frammøte og lite ”maria-sind”.

.

I 1889/90 kom den fyrste reparasjonen. Grunnmuren måtte vølast, ein skulle mala huset og setja hengsler i eit par vindaugo ”paa beste og billigste maade”. Nå vart det sett opp kors i kvart møne, og Karmel vart innmeld i Avaldsnes Brandkasse.

.

I des. 1892 fekk styret ei stor sak. Skulestyre i bygda hadde bedt om å få leige Karmel til skulerom for småklassen. ”Det besluttedes mod en stemme ikke at indvilge Samme.” Saka kjem opp att i 1894. Formannen hadde høyrt rykter om at skulestyret på nytt ville be om bedehuset ”til midlertidig brug for smaa børnerne”,

.

Styret for Karmel var redd at det skulle bli ei permanent ordning og slik vere til hinder for møteverksemda.

.

11. febr. s.å. ”sammentraadte en større del af kirkebygdens befolkning sammen med Bestyrelsen” for å taka avgjerd. Skulen fekk nytta Karmel til smaaborna for 1894 under føresetnad av at alle utgifter vart betalt av skulekassa. Dei kravde og at det ”påføres en simpel gaard hvor Børnene kan have at ty hen til”. Men – skreiv formannen ikkje utan patriarkalsk patos: ”Disse Bestemmelser og Løfte har ingen lenger Fremtid for dig end den anførte Tid.” I 1903 var huset brukt til ”Amtskulen i Ryfylkje”.

.

I 1920 kom ein større reparasjon av huset ved at loftsgolvet vart teke bort. Slik vart det høgare under taket i salen. Loftet, som hadde vore nytta til bank (Lindø-banken) og snekkerverkstad, vart nå borte. I staden vart det vedteke galleri i eine enden. I tillegg kjøpte ein 4 alen jord i nordre enden av huset til eit tilbygg. Torger Sørbø gav 1 alen ekstra. Då tok dei opp lån i Avaldsnes Sparebank til ”at bestride di Pekuniere udgifter”. Året etter vart det installert elektrisk lys i bedehuset.

.

I 1927 kom ei anna sak opp – det gjaldt § 9 om eigedomstilhøva. Då Karmel vart bygd, var det ikkje andre bedehus i heile kommunen. Føresetnaden då var at heile bygda skulle eiga huset. Nå var ein komen så langt at alle krinsar hadde fått bedehus. ”Kirkebygdens folk” meinte at dei burde eiga huset åleine nå. Det kunne berre skje om dei andre krinsane sa frå seg retten til det. Ei erklæring skulle skrivast under av dei andre:

.

”Underskrivne styre for bedehuset i … krins erklærer seg herved enig i at § 9 i statuttene for bedehuset Carmel gis herved uden nogen hinder eller indsigelse fra vor side fuld rett til aa bruge sine statutter i den form, som forholdene kræver.” Det er ikkje sagt noko om at alle krinsane vedtok dette. Men det kan ein gå ut frå, elles ville nok saka ha vore framme seinare. – Denne detaljen viser kor nøye styret har vore: alt skulle vera formelt i orden.

.

Under 50 årsjubileet i 1928 vart bedehuset vigsla til kyrkjeleg bruk sidan kyrkja var under restaurering. 21. okt. var det fest på Karmel.

.

Som ein veit vart kyrkja i Avaldsnes kamuflert under krigen. Også då vart Karmel nytta som kyrkje, mot kr. 80,- samt vask. 21. sept. 1958 var det 80 års fest der sokneprest Saanum var talar. Og i 1963 var velkomstfest for sokneprest Oseberg. Frå 1963 tok ein til med arbeid mellom ungdom. Før hadde det vore eit kristeleg ungdomslag som var skipa av presten Rasmussen. Det femnde om heile øysida av bygda.

.

Eit nytt Karmel

Det har lenge vore klårt at det gamle Karmel ikkje kunne verta ståande der det hadde stått. Men det tok ti år å få nybygget reist. Ja, arbeidet var nok ikkje i gang heile denne tida. Men dei fyrste tankar om ny tomt kom fram alt i 1968. Styret var då klår over at vegen kunne utvidast og at Karmel måtte bort. Dessutan kan støyen frå den mykje trafikkerte hovudvegen vera sjenerande. Huset var gammalt og upraktisk. Svært store investeringar var naudsynlege om huset skulle fylle krava i tida.

.

Styret fekk tilbod om tomt som vart motteken i 1971. Ein kom fram til eit makeskifte og Karmel fekk disponera ikring 5 dekar til nybygg, ikkje langt frå barneskule og aldersheim.

.

Det nye Karmel er reist ved hjelp av innsamlingar og mykje gratis dugnadarbeid for ikring 150.000 kr. Kalkylen for heile bygget ligg på over 800.000 kr.

.

Det er ikkje billeg å byggja i dag, heller ikkje eit gudshus. Men det er investering. Huset skal nyttast til arbeid som ikkje kan målast med tusenlappar.

.

Og kva arbeid er det?

.

Her er møter og offerveker for fleire misjonsorganisasjonar. Sume av dei har årlege basarar. Juletrefestar vert halde her som andre stader, både ved sundagsskulen, ungdomsforening og ”Kirkevennene”.

.

Så var det ynskje for 100-åringen som skal fornyast så totalt: Kunne det bli eit Karmel i eigentleg tyding av ordet: ein blømande hage for Gud som i dei farne vekkingstidene. Ein stad der menneskja såg si synd og møtte ein tilgjevande Gud.

.

Sundagsskulen.

Ved Tora Kolnes.

Denne har vore så langt tilbake som dei eldste nålevande kan minnast. Det var Endre Hinderaker og Josef Vaage som stod for den frå fyrst av. Her er fleire som har gode og kjære minne om dei. Endre Hinderaker kan eg og hugse frå mi tid på sundagsskulen. Når me hadde juletrefest 3. juledag, var det ikkje greitt å vera Endre når em borna bad om å få syngja ”O, jul med din glede…” Å klappa i hendene såg han på som lettsindighet. Det gjekk ikkje an å gjera slikt på bedehuset. For ikkje å snakka om ”Annemor og Vesle-Per”. Då gjekk han heim. Bertel Vaage var flink å fortelja for oss borna frå Bibelen. Han taltre spesielt om kor fint det var med gater av gull og fine perleportar me skulle gå gjennom. Det er med takk me minnes desse trufaste som er og har vore i sundagsskulen i ”Karmel”.

.

Dei fyrste formenn:

Kristian Udvig formann 1878-1891.

Jan Lindtner 1892-1893.

Josef Josefsen Vaage 1894-1895.

Endre Hinderaker 1896-1899.

.

mandag 8. september 2008

Lindisfarne

Frå Irland til Vestland

Av Nils Dybdal-Holthe

Kven har ikkje høyrt om vikingane som herja i Lindisfarne i Nord-England i året 793. Det har mest vore fast pensum i norsk soge. 8. juni sigla vikingar inn til øya og tok klosteret. Alcuin frå York skreiv til kong Æthelred i Northumbria: ”Heidningar har øydelagt Guds heilagdom, lete heilagt blod renna ved altaret, lagt øyde huset og trampa ned lekamane til dei heilage som om det var møkk på vegen.”[1]

Frå dette klosteret går det liner både mot aust og mot vest, ja like til Jerusalem.

Eit godt utgangspunkt er Irland. Kristendommen kom tidleg dit, truleg i byrjinga av 400-talet. Dei keltiske kristne bygde kloster mange stader. Og desse munkane stengde seg ikkje inne som einebuarar. Dei var misjonærar. Truleg kjende dei til dei heidenske Pictarane i Skotland og ville visa dei kristentrua..

Munkar

I året 563 kom truleg munken Columba frå Irland til øya Iona (utt: aiåna), som låg i utkanten av pictarane og xxx sitt rike og høyrer til dei indre Hebridane. 34 år seinare døydde han der medan han arbeidde med Salme 34.[2] Han hadde då grunnlagt klosteret på austkysten av øya. Og med det hadde kristentrua fått fotfeste i Skotland og Nord-England.

Columba

Var av kongeleg slekt, men det vart tidleg vedteke at han skulle bli prest. Han var fødd ikr. 521 i Irland og døydde i 597. Han studerte til prest både i Moville og i Leinster o.a.st. Han slo seg ned i klosteret i Glasnevin, men i året 543 vart klosteret ramma av pest og munkane vart spreidde ikring. Columba reiste truleg ikring som predikant og lærar i 15 år og grunnla fleire kloster i Irland.

Så forlet han landet sitt i 1663, og somme meiner det ei botshandling for han for eit slag han hadde ansvar for der 3000 menneske fall. Andre har sagt at han forlet Irland av di han ville vera ein Kristi pilegrim og for å hjelpa irarar i utlandet.

Han kom først til øya Hy utafor sørvestkysten av Skotland. Han fekk øya av kongen av Dalriada og bygde eit kloster der. Det var nokre kristne innvandrarar frå Irland i dette området. Og dei kom han nok i kontakt med. Og nå fekk øya nytt namn etter munken Columba, som tyder due på latin. På hebraisk heiter ei due Jonah, og slik fekk øya namnet Iona. Det er symbol på fred, som klostera var meint som.[3]

***

Munkane på Iona var ikkje uverksame. Dei hadde sitt åndelege liv i klosteret og skaffa sjølv maten frå land og hav. I tillegg skreiv dei av Bibelen, slik det ofte hende i klostera. I den bygningen som er eit lager og museum, ligg ein kopi(?) av ein stor og vakker Bibel som er avskriven av munkane her. Dei var også misjonærar og drog austover i landet. Om lag 70 år etter at Columba nådde Iona, kom munken Aidan heilt til austkysten av Nord-England.

Aidan

I 635 e. Kr. fekk Aidan ei lita øy av kong Oswald. Her på Lindisfarne bygde han og andre kloster og vart slik ein utløpar frå Iona og Irland. For Aidan var irsk munk og vart biskop i Lindisfarne. Han kom til å spela ein avgjerande rolle i kristninga av Nord-England.[4] Hans eige personlege liv og dei han hadde med seg gjorde så sterkt inntrykk på heidningane i Northumbria at området var kristne før han døydde.[5]

Me veit lite om hans barndom og ungdom. Namnet Aidan er truleg ei anglifisering av det irske ordet Aedan, og rotordet Aed tyder eld. Somme meiner at han var læresvein hjå den heilage Senan i grevskapet Clare, men det er uvisst.

Han levde asketisk og reiste i 17 år mellom mange kyrkjer og stader i Nord-England. Han ville ikkje bruka hesten som kongen ga han, men gå for å koma i kontakt med folket. Slik likna han Hans Nielsen Hauge.

Dei hadde først sendt ein annan frå Iona til England, munken Cormac. Men han var utålmodig og intolerant og fekk folket mot seg.[6] Sjølv klaga han over at folket var barbarar og ikkje ville høyra på han.

Det var eigentleg kong Oswald som bad om ein munk frå Iona. At han vende seg til Skotland og ikkje til Canterbury lenger sør, hang saman med at han sjølv hadde blitt kristen i Skotland.[7]

Eit lite, moderne aspekt ved munken Aidan er at det oppdikta landsbynamnet Aidensfield er inspirert av han ved ei kyrkje som er oppkalla etter Aidan. Forfattaren av TV-serien ”Hjarta på rette staden”, Peter Walker, har sagt det.[8]

Misjon

Viktigare er at dei vikingane som herja her fleire gonger fram til år 875 må ha fortalt om det dei hadde sett der. Slik kom ryktet om kloster og kristendom til norske og danske bygder. Det første klosteret vart altså øydelagt, men munkane bygde dei opp att. I dag er det eit svært område som viser at det var mange bygningar og ein stor og mektig katedral her ein gong.

Munkane frå Iona stansa ikkje i Lindisfarne. Ei anna frukt av klosterrørsla der var t.d. klosteret i Melrose, ein by lenger vest. Her er store ruinar av kyrkja og klosteret i dag.

Dei heng altså saman – øyar og kloster og kristentru. Det går band frå Jerusalem og Rom og Irland til Skotland og England. Seinare kom engelske munkar til vårt land. Kanskje har dei vel så mykje å seia for kristenlivet som kongane. Dei var politikarar og krigarar. Me er ikkje stolte av metodane deira. Munkane vil me tru hadde meir kristentru-og liv i tanke. Ein meiner at irske munkar til og med drog ut på misjonsreis heilt til Island og Noreg.[9]

Eit anna interessant teikn på samband mellom Skotland og Noreg er dette: Då Det Vestlandske Indremisjonsforbund vart skipa i 1898, spela ei fransk bok ein rolle. Sokneprest C. M. Eckhoff hadde omsett ho frå fransk i 1873. Det var ”To konger og to kongeriker” av I. H. M. d’Aubigné.[10] Boka ”fekk mykje å seia for” dei som leia arbeidet med denne indremisjonen. Boka er historie om kyrkja i Skotland (som er ei frikyrkje), men på same tid ”ei prinsippiell orientering om kyrkja sitt vesen”.

Strid

Linene ser ut til å vera mange og lange i denne nordre delen av Europa. Men det var ikkje utan problem og strid. Det har alltid fylgt kyrkja, og me skal ikkje vera forundra over det i vår tid heller. I år 663 vart ein synode halden i Whitby, sør for Newcastle. Der var eit kloster leia av ei kvinne, Hilda. Ho hadde skipa dette klosteret i 658. Her var både menn og kvinner, og mange prestar kom frå dette klosteret.

Ved synoden var ei viktig sak oppe: Skulle klostera vera knytt til Rom eller til keltiske kristne i Irland og Iona? Den romerske misjonen arbeidde i innlandet ut frå Canterbury, medan irsk misjon arbeidde sørover frå Northumbria. Etter kvart møttes desse gruppene.

Som ofte når ein er usamde byrja det med ei heller trivial sak, skriv Bruce.[11] Det galdt kva slags tonsur dei skulle bruka, eller måten dei skulle klippa håret på – kva del av hovudet som skulle vera snau. Andre saker kom også opp, som dåp og konfirmasjon og dato for påskefeiringa. Nå var Colman abbed i Lindisfarne og fekk ordet først. Han heldt fast på den irske tradisjonen, som dei meinte apostelen Johannes var opphav til. Resultatet vart i alle høve at Romerkyrkja vann. Då var det naturleg at det var denne forma for kristen lære som vart ført vidare m.a. til Skandinavia. Og slik var det heilt til reformasjonen kom på 1500-talet med si evangeliske og frigjerande tru.

Det er fleire sider ved munkesamfunna som me ikkje tek opp her. Det er kjent at synda flytta inn i klostera mange stader, men det er ei anna soge.

(I Sør-England kom kristentrua også tidleg. Det første året me kjenner er 314 e. Kr. På eit synodemøte i Arle møtte tre biskopar frå England, York, London og truleg Lincoln, sør for York. Somme har til og med meint at kristendommen kom til England i byrjinga av 200-talet.[12] Men det tyder ikkje at heile Sør-England var kristna då. Den soga ligg utafor denne artikkelen.) [- Kronikk i Dagen 8. sept. 2008, her med noter.-]



[1] Joanna Story: Lindisfarne Priory, English Heritage, 2005, p. 30.

[2] E. Mairi MacArthur: Iona, Colin Baxtrer 2001, p. 55.

[3] Meir om Columba og Aidan finn ein t.d. på http://Wikipedia.org

[4] Donald Attwater: Dictionary of saints, Penguin 1966, p. 36.

[5] Philip Schaff: A religious encyclopædia, vol I, 1891, p. 43.

[6] Everyman’s encyclopædia vol. 1, p. 182.

[7] F. F. Bruce: The spreading flame, Paternoster 1966, p. 406.

[8] Discovery: Heartbeat Country, 2007, p. 3.

[9] Vera E. Walker: A first Church History. SCM press, 1954, p. 56.

[10] Bernhard Eide: Det Vestlandske Indremisjonsforbund gjennom 50 år, 1948, s. 67.

[11] F. F. Bruce: The spreading flame, p. 410 .

[12] H. O. Wakeman: The History of the church of England, 1904, p. 1.

onsdag 20. august 2008

Skulen.

På skulebenken på Mo.

Av Nils Dybdal-Holthe.

Eg byrja på Mo skule i Dalen i Vikedal for Liva Solheim, og henne hadde eg i alle 7 åra med unnatak av 1 veke og nokre få sløydtimar. Liva var ein trufast tenar i skulen. Dette blir nokre minneglimt frå desse skuleåra. Som alle veit har skulen endra seg mykje i etterkrigstida, både i innhald og læremåte. Borna går også lenger på skule nå - heile ti år mot våre 7.

Nå må me difor venda oss bakover i tida - omlag 60 år.

Første skuledag.

Ein tidleg haustdag i 1942 byrja det. Skulen skulle ta til, og eg var ein av dei som skulle byrja i 1. klasse. Det var høgtid.

Første skuledag var komen. Forsagt og forskremd i utkanten av ungeflokken tett ved uthuset. Mor fylgde med, og eg heldt henne truleg i handa. Mor si hand var sjølve tryggleiken. Men nett det hugsa eg ikkje tydeleg.

Me hadde omlag 2 km å gå. Eit par andre kom frå same kant av bygda. Dei vaksne prata om alt mogeleg. Me berre tenkte - og grua oss fælt.

Flokken utafor det vesle, gamle skulehuset var ikkje stor, men skræmande nok. Mor hadde forresten gått på same skulen nokre tiår før. Dette huset stod bak handelslaget på Mo og vart seinare selt til private.

Liva kjem ut på trappa og kallar oss inn. Liva var lærarinna, som me sa i dei dagar. Ho budde ei halv mil lenger nede i Osen og sykla til skulen kvar dag. Ikkje om vinteren då kulde og glatt­føre hindra henne. Då leigde ho gjerne hybel i nabohuset hjå Britta på Mo. Liva hadde gått seminaret på Stord, ho var forresten litt gammal før ho reiste dit, fekk eg høyra seinare. Så ho visste kva ho gjorde då ho tok fatt på denne gjerninga.

Nå stod ho på trappa og kalla nye sjeler inn til eit nytt liv. Ho blæs i fløyta, signalet til å bryta opp frå barndommen. Forsiktig våga me oss opp steintrappa. Innafor var ein liten, trong gang. Døra rett fram skulle me ikkje gå inn. Seinare fekk me vita at der budde lærarinna sume gonger. Det var kontoret og hybelen hennar.

Eg fekk min pult. Eg kjende det godt å sleppa meg nedpå.

Endeleg hadde eg byrja i skulen! Her skulle eg gå i 7 år. Kor lenge det kunne vera, hadde eg lite omgrep om då.

Liva gjekk opp på det grøne - eller kanskje det brune - kateteret. To eller tri trapper opp - og sette seg. Me sat der nede, og eg tykte ho var skræmande - så snill ei sjel ho var. Høgt over alle sat Liva, og såg ned på oss der nede. Det osa av autoritet. Spaninga var sikkert stor på begge sider av kateteret, det plar vera slik. Men det visste ikkje me då. Naboguten Nils på Espevold kjende eg frå før, me var namnebrør og litt i slekt og. Det var best å halda seg nær han, ein kunne aldri vite korleis denne dagen enda. Ein av gutane budde nær skulen, det var Ola - han blei skulemei­ster seinare. Frå Mo kom ei jente eg kjende, me var og i slekt - Alfhild heitte ho. Fleire trur eg ikkje eg kjende så godt den gongen. Me var ikkje så svære til å farta i vår barndom. Me skulle arbeida på garden og elles var me litt i nabolaget og hjå slekta. Og me hadde ein del slekt i Osen - halve mila borte.

Brillene hennar låg på kateteret, saman med den tjukke protokollen og andre papir. Papir var alltid alvor. Det stod noko på dei. Og ein visste aldri kva det var. Eg har alltid vore redd papir, sjølv om eg har bala med papir heile livet.

Kva ho sa som velkomstord er viska bort frå minnet for lenge sidan. Men namna våre las ho opp, eit for eit. Og mor svara ja for meg. Dei andre mødrene gjorde visst det same. Og hadde dei ikkje mor, fekk dei ta ansvaret sjølv.

Eg kjende det trygt at mor svara. Henne kjende eg, og det gjorde godt at mor sa ja: han er her, guten min. Slik tykte eg ho sa.

Då våga eg faktisk å sjå opp og var litt stolt. Mor mi er her og har svara for meg.

Me fekk eit ark og skulle teikna eit eller anna. Det kunstverket er nok refusert og kjem ikkje på Høvikodden. Ikkje noko anna av det som vart produsert seinare heller. Det var sjølve produseringa som gav meining. Me var opptekne, fekk gjera noko.

Dagen vart nok lang om han var kort. Vegen heim gjekk lettare, med luft under vengene og litt song nedetter vegen. Debuten var gjort.

---

Mange av dei skuledagane som fylgde er reiste or minnet. Eg hadde ikkje bruk for dei, og dermed vart dei lagde ned i den nederste skuffa og støva ned med åra. Det meste kjem vel aldri opp att. Det er gravlagd.

Eitt og anna lever liksom sitt eige liv vidare - utan at eg meiner eg har hatt noko meir bruk for det. Det sette seg vel ekstra fast i minnet den gongen det hende, vil eg tru.

Det første frå skulen var forresten ikkje for Liva. Den første skuledagen var for far. Han skulte då i Osen og eldste bror min, Ola, skulle ta første året for han der. Så fekk eg vera med ein dag og sat på ein avgøymd pult bak. Det var vel litt rabling og teikning medan eg glodde på ungane i Osen. Etterpå spurde far: vil du byrja i skulen nå? Nei, sa eg fast - det er visst einaste gongen eg våga vera det i den tida. Eg tykte slett ikkje det var gildt og ingen ting å streva etter. Meir skule for meg vart det ikkje i Osen.

Det vart det altså i Dalen der me budde, for Liva Solheim.

Ho byrja kvar dag med andakt og salmesong. Men Liva kunne ikkje synga så godt. Difor hadde ho kjøpt seg eit lite orgel som stod framme til venstre i skulehuset. Eg tykkjer eg høyrer knirkinga ennå då ho trødde orgelet og såg over brilleglasa nedover mot oss: syng! sa ho, meir som kommando enn som oppmoding. I sju år høyrde eg på knirkinga og vart ikkje det spor gladare i song av den grunn. Det hende me rett og slett streika. Det kom ikkje lyden frå flokken. Berre knirking og pip frå eit utslite og altfor lite husorgel. Nå de synga, sa Liva fortvila. Serleg ved nye songar var dette litt moro. Ho tok tonane på spelet, sa orda føre og bad oss sjå i boka. Prøv, ver med og syng! Ver med, ja. Det var ikkje så lett å ta ein ny tone utan klokkar. Så tagde gutane på høgre sida. Jentene sat til venstre og dei var snillare og song litt med. Og så sat dei nærast brilleglasa då! I den tida var blenkan­de brilleglas fårlege.

Liva grein

Ein dag gjekk det for langt. Om songen var grunnen, er ute av sinn. Nokre av dei eldre gutane var ekstra slemme, laga bråk og prata i utide. Det er det verste ein ungeflokk kan gjera i skulestova.

Liva var reint ut sagt fortvila. Ho sette seg rett ned bak det høge kateteret. La hovudet i hendene og grein. De tek livet av meg, sukka ho. De vil meg vondt, kvifor er de slik? Kvifor kan de ikkje vera rolige og snille? Me kan ikkje læra noko nå.

Men kven av oss tenkte så mykje på å læra noko. Me var på skulen av di me måtte vera der. Det høyrde med. Litt avveksling i rutinen var berre bra.

Men nå gjekk dei gjerne litt for langt. Eg hugsar godt kor eg kikka bort på dei som førte an, og opp på Liva. Eg tykte faktisk synd i henne. Aldri har ho visst vore så pjuskeleg som den dagen. Tenk, lærarinna grein. Det var ei ny oppleving.

Ute i friminuttet var det kommentert: Tenk at ho grein. Men me tykte det var litt rart, og faktisk fekk me litt meir respekt for henne av det. Ho brydde seg, ville skulen skulle være ordentleg.

Ved sida av skulen låg handelslaget, posthuset og bedehuset i Dalen. I den tida kjøpte me sirup i spann frå store fat bak handelslaget - eller ”Filialen” som me sa. Her var óg parafinfat og anna. Ofte låg tomfat slengt bort i ein krok før dei vart henta. Ein dag tok nokre av gutane vegen dit og slo på dei med stokkar. Tome tønner gir ein fæl, hol lyd. Kirsten på handelslaget vart som ventande var lite glad. Kundane spurde skremd: kva er dette? Straks ho vart var årsaka, sende ho bod til Liva: hald kustus på ungane. Dette skramlet vil me ikkje ha.

Ny dag med blenkande brilleglas. Først streng og skremande, seinare mild og nær gråten. Dette kan ikkje gå, gutar! De må vera snille.

I dei sju åra eg gjekk for Liva, kan eg berre minnast desse to gongene ho sprakk slik. Elles var Liva eit godt menneske og ein fin pedagog. Ho la sjela si i gjerninga og levde for skulen. For meg står det slik at ho såg på lærarlivet som eit kall.

Folkeskulen var 7 år den gong. Dei som gjekk i ein høgare klasse enn me små, tala ofte om kor trøytte dei var av skulen. Berre eitt år att, så er me fri, sa dei. Det var ordspråket då som nå. Men då eg sjølv kom i 7. tykte eg ikkje det. Skulen var grei nok den. Og ein trygg stad å vera. Og kva skulle me gjera nå?

Engelsktime

Ein gong skulle eg imponera Liva. Eg hugsar eg bevisst tenkte meg det: ho skal få sjå at eg kan dette. Me hadde hatt litt engelsk nokre veker før jul. Ho tok visst initiativet sjølv og laga sitt eige opplegg. Me skreiv ned setningar og ord som me skulle læra og ein svært enkel grammatikk. Me lærte i alle høve: I am, you are, he, she, it is. Etter dette skulle me ha heimestil på norsk ein gong. Heilt eller halvt bevisst skreiv eg då ein halv setning på engelsk midt inne i den norske stilen. Ho tok det opp i ein time etter og sa: kva gjer du her, du har skrive engelsk i ein norsk stil, Nils!

Eg vart skuffa. Ho skjøna ingen ting. Eg følte det som ho kledde av meg og hengde meg ut for klassen. Men eg ville berre visa kor flink eg var! At eg hadde høyrt etter og lese leksa mi. Heldigvis gjorde ho ikkje meir av det.

Ennå har eg ei kladdebok me skreiv engelsk i. Ein dag lærde me om pronomen, og Mary peikte på ei bok og ein pult, og Jack skulle svara. Me skulle teikna dette i skriveboka. Så der har eg foreviga korleis pultane på Mo skule var!

Skriving

Me skulle ikkje berre læra å skriva. Me skulle skriva fint i dei dagar. Det nytta ikkje å koma med ei ”doktorskrift” der. Men det var ikkje alltid så greitt å skriva fint, særleg for oss gutane, såg det ut til. Jenter har alltid hatt ord på seg for å skriva fint - utan noka kjønnsdiskriminering av den grunn!

Til hjelp for finskrifta hadde me bøker som heitte ”Nytt system” av Jon Kleveland. Ni hefte skulle me skriva oss gjennom. Eg har gøymt to av dei. For det var øvingshefte nett i ”skjønnskrift”.

Dei var laga slik at første lina var trykt med raud, vakker handskrift. Den var ganske perfekt. Me skulle skriva med penn og blekk over det raude. Slik skulle handa så å seia bli oppøvd og mest automatisert til å skriva dei rette bogar og liner.

På lina nedunder var det fire streker utan skrift. Her skulle me så etterlikna dei raude bokstavane over - som nå var blitt blå-raude av blekket. Me skulle med andre ord gå ut i verda heilt på eiga hand. Men linene skulle me fylgja! Det blinka i brilleglasa til Liva om me gjorde for store hopp og sprell her.

Så sat me der på trepultane og prøvde det beste me kunne. Av og til gjekk det nokså bra. I mine bøker har Liva aldri skriva karakter, sjølv om det var plass til det nede på kvar side. Eg veit ikkje om andre fekk det heller.

Ein gong har eg nok prøvd å retta på grunnteksta i boka. Det stod trykt at eg skulle vera ”annsam og idig”. Eg har tydeleg nok ikkje visst kva ”idig” tydde og retta det fritt og freidig til ”idag”! Det tykte eg nok var meir normalt og vitug. Men Liva visste betre og har retta meg att til ”idig”.

Me skreiv med blekk. Det skulle ikkje vera blyant - den var til kladd. Og ingen hadde sett ein kulepenn i dei dagar. Difor stod det blekkhus på kvar pult - det var laga eit hol til den på pulten. Og så hadde me penneskaft som såg ut som ein lang blyant. I eine enden var det plass til ein penn - ein liten fin stift som gjekk ut i ein tynn ende som det var splitt i. Den duppa me varsamt ned i blekkhuset og måtte vera ganske så varsame når me tok pennen inn over papiret.

Sume gonger var uhellet ute. Resultatet var ei stor eller liten klatt på arket eller i boka. Den var reint umogeleg å få bort. Blekket åt seg inn i papiret og står der ennå etter 60 år i bokhylla mi.

Skulebøker

Me hadde nok skulebøker i den tida og, sjølv om utvalet ikkje var så stort som nå. Ei av dei viktigaste bøkene var truleg Volrath Vogt si Bibelsoge. Den har vore utruleg mykje brukt i norsk skule, og eg har samla fleire utgåver av den - helt frå 1912. I sume skular er den framleis i bruk - i nye utgåver. Vår bok var redigert av L. Holsvik med Kristusbilete på utsida. Vogt fortel godt og tek med dei største og beste hendingane som borna best kunne læra.

Like ofte brukte me nok Chr. Haaland si Kristenlære. Det var lærebok i Luthersk lære. Arbeidsskuleprinsippet var kome på mote, og me skulle ikkje berre pugga og lesa. Me skulle skriva og svara på spørsmål osv. Eg har også gøymt ei slik skrivebok frå tida på Mo.

Geografi heitte då Landkunne, og me brukte Horn si bok. Det stod nok ikkje så mykje i den, som avsnittet om Ryfylke viser. Det vart mest ein smaksprøve og pusta kanskje i elden for oss til å sjå meir, som diktaren seier: ”Undrer meg på hva jeg får å se, over de høye fjelle...” Rekneboka trur eg var Ole Johannesen si. Me brukte i alle høve nokre av dei hefta.

Straffelekse

Eg har eit tungt minne frå skulen. Det var mi eiga skuld, så eg legg ikkje ansvar på nokon annan. Det vart straffelekse for meg.

Ikkje at Liva ga meg ei slik straff. Men ho gav oss i lekse å skriva av segna om Jostedalsrypa. Og eg gjorde mi plikt, og skreiv av det beste - og fortaste - eg kunne. Andre ting lokka og freista utafor glaset, og eg måtte av stad og ut i leiken.

Men far var lærar - av den gamle sorten.

Før eg fekk gå ut, bad han om å få sjå leksa mi.

Då lynte det i augo hans og. Dette er stygt, sa han. Skriv om att. Og eg fekk klår ordre om å skriva av Jostedalsrypa 20 gonger! Og alt skulle vera fint. Eg måtte nok blesa leiken ein lang marsj og bruka pennen i staden. Eg skreiv og skreiv og sveitta. Side etter side. 20 gonger var mykje for ein liten pjokk.

Det tykte nok far og. Han trega seg litt og kom inn att for å kontrollera. Dette er bra, sa han, du kan skriva. Eg trur du har skrive nok nå. - Straks var eg ute og nytta dagen til heilt andre ting enn straffeskriving. Men soga frå Svartedauden har eg hugsa i alle år.

Utafor skuletida

Same år som eg byrja i skulen på Mo, vart eg kapitalist. For første gong fekk eg bankbok og sette inn min første kapital! Kr. 27 sette eg inn i Vikedal Sparebank på sjølve fridomsdagen til USA, 4. juli 1942. Sjølvaste lensmann Andreassen tok imot og kvitterte. Noko seinare sette eg inn 5 kr. til - og dette var store pengar på den tida, og særleg for ein gutepjokk på 8 år.

Og tenk: gutungen måtte betala skatt - formueskatt til og med. Dei klagar over skatt og avgifter i vår tid. Men kven får skatt av 32 kr. som 8-åring?

Jau, eg fekk renter av banken - heile 23 øre. Frå det trekte dei altså 6 øre i skatt! Alle skal yta sitt, veit me. Og før krigen var omme, hadde eg over 150 kr. i bank. Men resten av tida trekte dei skatten frå rentene utan å notera kor mykje det vart. Kanskje var det eit smart trekk for å lura guten?

Me gjorde litt anna enn skule i den tida og. Tilboda var få for ungar, og me måtte finna på eit og anna sjølv.

Nokre av oss gutane stifta klubb ein gong, det var etter krigen. Då stifta nokre av oss ein klubb som vart medlem i IF-gutta. Me fekk medlemskort og skreiv høgtideleg under 15. januar 1947. På baksida av medlemskortet står me oppskrivne med fullt namn: Harald Leifsen, Markus Roaldkvam, Ola Gjerde, Sigurd Vikedal, Nils Holthe, Nils Espevoll og Ola Vikedal. Ein gong hadde me møte i eit uthus ovafor skulen, og ein gong var me i lia på Espevoll og bygde mur til hytte eller klubbhus. Kanskje står han der ennå, uferdig. For då våren kom, stilna klubbarbeidet av. Mange av oss hadde anna å gjera i våronna og slåtten.

Nett i denne tida etter krigen kom ein fotograf til bygda. Alle elevane skulle vera med på biletet. Me drog benker og stolar ut framfor skulehuset på Mo. Så stilte me opp, mest som presidentar i eit toppmøte i dag. Dei minste sat fremst og dei største bak. Sjølvsagt måtte Liva vera med, ho som var sjefen vår.

Slik veksla det mellom arbeid og skule. Og skulestova på Mo vart liksom ein utskytingsrampe for livet vidare. Me gjekk i ulike retningar - men mange minne har me sams. Og kanskje kan me slutta denne artikkelen slik me ofte gjorde då me skreiv stil: Me var alle samde om at det hadde vore ein gild tur.