søndag 7. februar 2010

Nordbø bedehus, Betania, 100 år.


 
























Nordbø bedehus før 1959. Kjelde: Norges bebyggelse.

Nordbø bedehus (Betania).
.
Bedehuset er 100 år den 6. febr. 2010.
Men 100 år er ingen alder, landet vårt er 1000 år og meir til. Men ein slik dag skal markerast, det er som ein merkestein i  soga og minner oss om noko som har hendt før.
.
Protokollen for huset seier lite. Der står det stort sett kven som er valt inn i styret frå år til år. Og det er dei same som går att mange gonger. Difor står det slik: ”De uttredende blev gjenvalgt.” Og nokre gonger står det: ”Ved akklamation.” Dei gjorde det enkelt og greit.
.
Først stiller me eit spørsmål:
1. Kvifor bygde dei Betania?  
Me kan og spørja: Kvifor er det så mange bedehus, både her i bygda og kring i landet?
Svaret er enkelt: Dei hadde ikkje bil. Dei gjekk, i mørke kveldar på arbeidsdagar. Til kyrkje kunne dei gå eller køyra med hest. Det var på sundag og fridag.
.
Eit anna svar er vekkjingane. Ved hundreårsskiftet gjekk Røiselandsvekkjinga over bygda og distriktet. Etter den bygde dei bedehus på Hauge i 1903 og året etter på Håland. Hausten 1909 var det vekkinga i Avaldsnes og Hauge ved Daasvand og Oftedal. Det er ikkje unaturleg å tenkja at nå var det folk i Salhusområdet som også ville ha sitt eige hus. Ikr. 1900 budde det over 100 vaksne menneske i området.
.
Salhus var eit senter i denne delen av bygda. Her var kai, butikk, arbeidsplassar og det kom etter kvart fleire som bygde seg hus her. Her låg også ”Sælehuset” i gamal tid, det var eit slags hotell der reisande kunne ta inn. Det er nemnt så tidleg som i 1368. I 1655 var det også eit hus for spedalske her.
.
Det ser ut til at nokre ville flytta bedehuset på Hauge nærare Salhus. Det vart skrinlagt i prosessen som nå kom.
.
2. Korleis skjedde det?
Her må me nemna nokre datoar som hjelper oss til å sjå hendingane.
Truleg i første veka av november 1909 har nokre undersøkt om kor dei kunne få tomt. Fru Inger Nordbø var enkje frå 1902 då mannen døydde i Amerika. Nå ga ho tomt til nytt bedehus.
.
8. nov. var 14 personar samla i stova til Jakob Nordbø, inklusivt to kvinner. Han var frå Vatland i Skjold og gift med Marta Kristine, dotter til Tomas Wegner Nordbø. Ho var dø alt i 1882 og hadde ikkje born, og dei budde i Nordbøhuset, på haugen der ein køyrer ned til Kjell Lunde nå. Jakob var altså enkjemann i 1909 og han levde til 1924. Nå var han ei drivkraft for å få bedehuset reist trass i sine snart 78 år.
.
Til dette første møtet hadde dei kjøpt inn protokoll og skreiv referat frå desse forhandlingane. I denne tida var det også litt uro på Hauge.
4. nov hadde åtte menn skrive til styret og ba om at dei som praktiserte fri nattverd fekk bruka huset. Men for dei som ”virker for” fri nattverd, skulle det vera stengt. Dei skilde altså mellom det å  vera med på fri nattverd og å agitera for han. Styret hadde møte  7. nov og overlet saka til årsmøtet. 11. nov. kom ei ny sak opp på Hauge. Emma Nilsen Øgreid bad om å få huset til møtet for ”Soldatermisjonen”. Men det vart avvist ”ifølge hennes kirkelige stanpungt”. Ho var med då dei skipa dei ”frie vener” i Skudenes. 21. nov. var det årsmøte for bedehuset, og ”efter nogen debat” vart søknaden frå dei åtte avvist.
.
Møtet på Nordbø 8. nov. var altså før denne siste avgjerda. Dei må ha skjøna kva utfallet vart. Truleg var nokre av dei åtte som praktiserte fri nattverd med i flokken på Nordbø.
.
Første punkt på saklista på Nordbø var flytting av huset på Hauge. Det ville dei ikkje ”forlanga”, og det hadde heller ikkje løyst problemet med nattverd dersom det var med i planane.
.
Neste punkt var bygging av bedehus: ”Bedehus skal bygges.” Alle var samd i det. Men dei var litt usamde i storleiken, 8 mot 6. Fleirtalet ville ha det som Hauge bedehus, men tømra skulle vera  1 alen kortare, og reisverket 1 alen breiare.
.
I denne tida sende dei inn annonse i Haugesunds Avis og i Stavanger (truleg Aftenblad) om anbud på bygginga, annonsa kosta 5 kr. Dei skulle altså ikkje byggja sjølv, men få fagfolk til å gjera det. – Nå vart det nett ein Torvastadbu som fekk jobben, Helge Andreas Vikingstad, som då budde på Håland. Han var fødd i 1868 og døyde i 1947. Han fekk skøyte på bruk 12 på Håland i 1905. Det er etterslekt etter han og kona Anna Gurine Nilsdt frå Finnås, d. 1956.
.
Men dei 14 personane trong heile bygda i området med seg. Difor arrangerte dei ope møte 11. nov, og alle som kom, gjekk inn for bygging. Det var same dag som møtet på Hauge. 24 personar skreiv under på gaveliste for huset – ”en for alle og alle for en”. Dei stod solidarisk med kvarandre for å få huset opp.
.
På møtet vart fem menn valde som byggekomite, og to skulle gå kring på gardane og samla bidrag. 57 personar ga 917 kr. i alt. Dei var frå 6 gardar i området.
.
Huset kosta 2760 kr., og dei tok opp lån på 2200 kr. Det gjekk raskt med bygginga. Her var nok ikkje mykje papirarbeid og komitear som skulle godkjenna bygginga. Dei fekk nok eit byggelag som svar på annonsa og som sette i gong kort etter midten av november. Det var ferdig til 5. februar.
.
Ny annonse måtte inn i H.A. – til kr. 1,08. For nå skulle dei ha fest og vigsla huset. Det står ikkje noko om kven som talte på dette møtet. Det er ikkje unaturleg å tru at det var sokneprest Lüdemann, han skulle t.d. laga statuttar for huset og var med i det første styret. Det kan ein tolka slik at han skulle gi legitimitet til det nye bedehuset.
.
Eigarane av bedehuset talar óg i same retning. Det var folket på dei fire næraste gardane som åtte huset. Det skulle ikkje vera ein organisasjon, t. d. Kinamisjonsforbundet. Det var eit felles bedehus for alle i nærområdet.
.
3. Kva hende seinare?
Eit bedehus har alltid vore tenkt som ein møte-og bønestad. Det er ikkje eit vanleg forsamlingshus der kva som helst kan skje. Huset skal primært nyttast til møte der ein talar Guds ord, syng og ber.
.
I august 1910 hadde dei truleg bede om ein framand talar. Då har Lavik fått kr. 10 i reisepengar. Det var truleg Andreas Lavik, gen.sekr. i Vestlandske Indremisjon, som dei hadde som talar då. I mai 1912 er Matias Orheim her, han får 5 kr. i reisepengar.
.
Men det var ikkje gratis å ha eit bedehus. I 1913 laut dei betala kr. 0, 24 i grunnskatt! Og det året første verdskrigen byrja, kjøpte dei inn små flagg til pynt – for kr. 1, 40. Det er rekneskapet som avslører det.
.
Går me så fram til andre verdskrigen, vart huset nytta av tyskarane frå 8. april 1941. Men så skjer det noko positivt: Ein månad etter fekk bedehuset 70. kr. i husleige av Den Tyske Vernemakt! Og seinare kom det kvar månad med litt ulike beløp. Men ikkje i 1942 fekk dei noko. Heilt til 31. juli 1943 varte det. Då fekk dei plutseleg 1980 kr. av Vernemakta – det blir 110 kr. pr. månad, som elles var vanleg då. Så dei gjorde opp for seg.
.
Tyskarane hadde huset til 1. jan. 1944, men folket nytta ikkje bedehuset til møte då, ser det ut til. Dei spikra fjøler over vindaugo og reparerte mykje. Dei kjøpte t. d. materialar for ca. 4000 kr. og like mykje i arbeidspengar. Då måtte dei ta opp lån på 4000 kr. for å greia dette. Også nå var det ein torvastadbu som fekk oppdraget, Svend Gunnarshaug. Han hadde med seg nokre medarbeidarar frå bygda. Men det tok si tid – det var mykje å gjera.
.
Men i alle høve frå 1946 var det møte i huset. 6. jan. hadde dei søndagsskulefest og 10. mars hadde dei fest med innviing av huset etter reparasjonen. Då fekk dei mest 450 kr. i inntekt!  
.
I tillegg til møta har det vore sundagsskule, barnelag og festar på huset – og hovudsaka i alt var Guds rike.
Og bedehuset er eit tilskot ved sida av kyrkja for at Guds rike skal veksa. Det viser t.d. vekkjinga i 1939-40 der m. a. sekr. Olav Hovda var talar.

Men – skal også hugsa noko som professor i hebraisk og salmediktar Elias Blix skreiv 20 år før bedehuset vart reist:
Vil Gud ikkje vera bygningsmann, me fåfengt på huset byggja.
Det står alltid ved lag i Guds rike.
 .
Nils Dybdal-Holthe.