lørdag 27. november 2010

Tidt eg minnest...

1. Heime hjå mor.

Ein kald novemberkveld låg mor på salen og fødde meg. Klokka var ti om kvelden. Det året døydde Hindenburg i Tyskland og Hitler vart statssjef med tittelen Førar og Rikskanslar. Året var 1934.

Eg vart altså fødd inn i ei ny tid. Guten skreik, som Bjørnson sa om den glade guten. Mor og far hadde ein gut før, så eg var ikkje førstemann på noko vis.

Tante var ikkje glad. Då ho høyrde dette nyhende, sa ho: Nei, de har jo ein gut. Dette skulle vore ei jente. Som gut var eg altså ikkje velkomen. Eg skulle vore jente. Og det fekk eg høyre mange gonger opp gjennom åra. Snakk om kjønnsdiskriminering. Og så ulikt gamle dagar og andre kulturar. Der er det stas å vera gut. Jenter var ikkje noko i gamle dagar - utan som noko naudsynleg for vidare liv og slikt. Mange jenter vart sette ut i skogen i før-kristen tid. Dei måtte berre døy. Familien og samfunnet hadde lite bruk for mange av dei. Då tenkte dei ofte på grovarbeid og soldatteneste.

Men eg vart altså fødd som gut. I tunet vårt budde også foreldra til mor. Det var hennar gard som arv, einebarn som ho var. Far var innflyttar i grenda og møtte nok litt skepsis for det. Korleis kunne han bli bonde? Han var berre ein butikkgut, son til ei enkje. Men så gjekk han lærarskulen i Kristiansand og var i Garden i Oslo. Då mor og far vart gifte, "skulte" han. Det hjelpte kanskje på med tida.

Bestemor Guri i heimetunet og bestefar Nils var innfødde. Eg var berre eit par månader gammal då gamle Nils døydde. Og farfar Ole døydde då far var 2-3 år gammal. Så eg hugsa ingen av bestefedrane mine.

Men mor fortalde noko ein gong - om meg og bestefar Nils. Det var eg glad for å få høyra.