onsdag 24. mars 2010

Solgry 30 år.

Solgry 14.9.08. 30 årsjub.
Kjære misjonsfolk.
Då Solgry skulle starta opp som leirplass, måtte dei tilsetja folk. Styret og sekr. tok kontakt med folk.
- Til ein av dei skreiv dei slik: ”Vi trur det skal bli ein god og fin plass, som skal bli et godt redskap for Guds rike.”
.
Det var profetisk. Solgry er fin! Og til nå: et godt redskap! – Her inne i skogen ved vatnet lyder ordet om Jesus til born og unge og eldre. Solgry tyder at Nådesola gryr i hjarto.
.
Det tok til i 1978 med fest og innviing – 18. juni skjedde det. Men det starta før – med ein lang og trang fødsel.
.
- På årsmøtet i Uskedal i 1970 blei det vedteke: Me skal byggja leirstad. Krinsstyret fekk vide fullmakter:
Dei kunne kjøpa tomt, laga finansplan, og setja arbeidet i gang.
Dei fekk frie hender – og misjonsfolket synte slik tillit til styret. Men det skulle altså gå fleire år før huset var reist.
.
Den første tomta låg lenger sør, ved Haukåsvatnet. Her hadde dei sett seg ut ein stad, og nokre unge hadde faktisk St. Hans-feiring med bål der i 1971? Men ikkje alt var heilt vellukka her, det galdt kloakk
og veg. Det vart altså ikkje noko av. Men dei laga teikningar og planar – for nå SKULLE det bli leirplass.
.
Nemnda for arbeidet leita vidare og kom opp hit til Moldbrekke. Her ved vatnet stod dei og såg: Her skal me byggja.
Ganske snart fekk dei tilbud om å kjøpa 40 mål for ca. 40.000 kr av Thomas Moldbrekke. Frådelinga vart godkjent av Hordaland fylkeslandsbruksstyre.
.Nå byrja ei ny tidsrekning i misjonen her. 3. jan. 1972 sette dei i gong innsamling. For nå trong ein pengar som aldri før. Året etter valde dei byggenemnd og året deretter kom lotteri til inntekt for leirstaden.
.
På årsmøtet det året – i 74 - fekk folk høyra at arbeidet gjekk seint. Spørsmålet om kloakk hindra starten, og s.å. vart utslepp i vatnet ikkje godkjent. Det skal ikkje gå lett her i verda. Men om hausten det året var problemet løyst ved biologisk reinsing og vakumklosett. Det var eit stort framsteg, sjølv om det var eit frykteleg bråk med dei, særleg om nettene .
Først tenkte ein å byggja med flatt tak – det var på mote ei tid. Men det kunne koma snø! Og 12. okt. vedtok ein mønetak som det beste.
.
Framleis var det ein papirleirstad. Dei hadde ikkje lov å setja spade i jorda før alle papir var ordna. Slik er det berre. På årsmøtet i 1975 kom gladmeldinga: Gravinga skal ta til i august! Byggestart kom i oktober. Nå byrja ballen å rulla.
.
-Men kva skal barnet heita? Det var viktig. Ungdomsnemnda og krinsstyret fekk fullmakt her. Men misjonsfolket fekk koma med framlegg.
Då krinsstyret hadde møte 2. jan. 1976 hadde dei over 30 namn å velgja mellom. Dei landa på SOLBAKKEN. Det lydde fint. Misjonsfolket skulle senda ungane sine og andre til Solbakken! Det var stas.
.
Tre veker etter kom ein ny smell: Det kom protest. Ein naboeigedom heitte det – og der gjekk det namnet i vasken. Som einaste sak på styremøtet saman med ungdomsnemnda vedtok dei nytt namn i jan.: Nå skal det heita SOLGRY. Basta! Det fekk ingen ta frå dei.
Men ungd.sekr. Kåre Eidsvåg hadde alt 12. jan skrive til gen.sekr. Breivik at namnet var Solbakken ungdomssenter – ”og vi trur at Herren vil strida for oss
når det gjeld reisninga,” skreiv Kåre. Der fekk han rett.
.
Men pengar trong dei – mange pengar. Og budsjettet auka år for år. I 1975 var planen å greia seg med 197.000 til drift. Sjølvsagt var det for lite. Nå er det over 2 mill. kr.
Året etter lånte dei 600.000 til bygging og to år seinare 300.000 nye kroner. Så her rulla pengane fort.
Kalkylen var 1, 3 mill. og dei hadde samla inn 240.000!
Her arbeidde dei altså med eit trusbudsjett. Og misjonsfolket opplevde økonomien tung. På årsmøtet i 1978 kom det fram at Solgry var ei økonomisk bør for krinsen. Dei hadde då eit samla lån på 1 ¼ mill. kroner. Det var mange kollektar i den tida.
.
Og alt i 1980 var det behov for å isolera romma. Det kravde endå meir pengar. Ein kjem ikkje langt utan dei i våre dagar.
.
Ti år etter var det ein mann i krinsen som såg alvoret i dette – og ville gjera noko med det. Han skal ha stor heider for innsatsen sin. Me tenkjer nå på Anders Eide. Han bad styret om løyve til å reisa rundt til folk og skriva brev til andre. Han ville be folk om å gje 5000 kr. kvar til gjelda på Solgry. Styret såg positivt på det, og Anders sette i gang. Mange misjonsvener
fekk husbesøk då, og handskrivne brev gjekk til dei han ikkje nådde elles. Alt i sept. hadde han 34 namn på lista som gav 170.000 kr. og året etter hadde fått inn 450.000. Saman med gavebrev hadde han nå 840.000 kr – gjelda var på 813.000 då. Nå blei taket malt og gjelda nedbetalt – og mange var letta.
.
Men – det gjekk ikkje lenge før nye planar låg på bordet. I 1995 kom saka om rehabilitering av heile bygget opp. Nå måtte folk ta eit nytt tak skulle leirstaden verta meir tenleg. Ein ville starta i 1997, men rett fart på det vart det i 2000. Eit ekstra finansieringstiltak dei siste åra er samlinga kring 1. mai. Då samlast folk her til skikkeleg basar. Bilkøen når mest ned til hovudvegen!, og mange dreg med seg heim bord og stolar og bøker og mykje anna.
.
- I fleire år har det vore julegave-weekendar. Då kjem born og foreldre og jobbar dagen lang med førebuing til jul. Innimellom lyder så ordet om barnet i krybba. Dette er óg misjon.
.
I mellomtida hadde det vore skifte av styrar. Terje Treidene hadde vore her nokre år, men sa opp i 1991. I 1995 kom Kjetil Halvorsen hit og året etter vart Hilde Treidene tilsett som husmor i deltidsstilling. Fleire har vore tilsette for kortare eller lengre tid. Også fleire leiarar og kjøkkensjefar har det vore.
.
Heile tida hadde det vore mykje dugnad her. Mange stilte viljug opp og arbeidde mykje. Det kom folk frå fleire kommunar. Truleg ville ikkje leirstaden vore det han er, utan dette friviljuge misjonsarbeidet, frå Bremnes/Bømlo, Karmøy, Haugesund, Stord m.m. Ingen nemnde og ingen gøymde her. Men me vil heidra alle, både betalte og gratisfolk. Heller ikkje skal me gløyma Solgry-styret, nå med Terje Eng som formann. Det har stått på heile tida.
.
Solgry er først og fremst ein leirstad for born og unge – sjølv om andre aktivitetar og er her. Ser me på dei siste ti åra var det 21 leirar i 1997 og 26 i 2006. Det har veksla litt frå år til år. Perioden byrja med ikr. 800 born på leir til over det doble nå.
.
For ti år sidan var det 20-årsfest, der Bjarne Dagsland tala – han var gammal ungdomssekretær her. Og Konrad Amland var historieforteljar med lysbilete. Han har og vore arbeidar i krinsen.
.
Rehabiliteringa tok til i år 2000. Og Geirmund Gausel har stått for styret nå. Inngangspartiet var første steg, elles skulle alle rom fornyast slik at 3 rom vart 2 nye. Og nå kom bad og klosett på kvart rom – som 3 stjerners hotell i skogen i Sveio.
.
Men Solgry er ikkje hotell og det vart heller ikkje asylmottak som ein fekk spørsmål om i 1999. Men avlasting for sjukeheimen i Sveio vart det då den brann i 2007. Solgry sitt hovudfag er og blir dei små og unge. Det må synga i hjarto våre det Orheim skreiv i 1915: Dei unge i Noreg må vinnast for Gud, den oppgåva herleg oss helsar.
Må Gud signe staden til det.
.