lørdag 27. november 2010

Tidt eg minnest...

1. Heime hjå mor.

Ein kald novemberkveld låg mor på salen og fødde meg. Klokka var ti om kvelden. Det året døydde Hindenburg i Tyskland og Hitler vart statssjef med tittelen Førar og Rikskanslar. Året var 1934.

Eg vart altså fødd inn i ei ny tid. Guten skreik, som Bjørnson sa om den glade guten. Mor og far hadde ein gut før, så eg var ikkje førstemann på noko vis.

Tante var ikkje glad. Då ho høyrde dette nyhende, sa ho: Nei, de har jo ein gut. Dette skulle vore ei jente. Som gut var eg altså ikkje velkomen. Eg skulle vore jente. Og det fekk eg høyre mange gonger opp gjennom åra. Snakk om kjønnsdiskriminering. Og så ulikt gamle dagar og andre kulturar. Der er det stas å vera gut. Jenter var ikkje noko i gamle dagar - utan som noko naudsynleg for vidare liv og slikt. Mange jenter vart sette ut i skogen i før-kristen tid. Dei måtte berre døy. Familien og samfunnet hadde lite bruk for mange av dei. Då tenkte dei ofte på grovarbeid og soldatteneste.

Men eg vart altså fødd som gut. I tunet vårt budde også foreldra til mor. Det var hennar gard som arv, einebarn som ho var. Far var innflyttar i grenda og møtte nok litt skepsis for det. Korleis kunne han bli bonde? Han var berre ein butikkgut, son til ei enkje. Men så gjekk han lærarskulen i Kristiansand og var i Garden i Oslo. Då mor og far vart gifte, "skulte" han. Det hjelpte kanskje på med tida.

Bestemor Guri i heimetunet og bestefar Nils var innfødde. Eg var berre eit par månader gammal då gamle Nils døydde. Og farfar Ole døydde då far var 2-3 år gammal. Så eg hugsa ingen av bestefedrane mine.

Men mor fortalde noko ein gong - om meg og bestefar Nils. Det var eg glad for å få høyra.

mandag 30. august 2010

Betania 100 år - Haugesund.


Betania 100 år – i Haugesund.
Nils Dybdal-Holthe.
.
I 1950-60-åra byrja folk å reisa til ”Syden” på ferie. Mange kunne ikkje forstå at nokon kunne reisa så langt. Mallorka var svært populært då. Kor fekk dei pengar frå, og kva skulle dei der?
.
Jo, der var varmt!. Syden var ein god plass å vera for kalde nordmenn.
.
I Haugesund er Betania ”syden”. Mange predikantar sier: Jo, det er varmt i Betania. Me trivest der. Bedehuset heitte forresten ”Sønde bedehus” i byrjinga, ikkje før på årsmøtet i 1938 vart huset døypt til Betania: Nådens hus.
.
Det byrja i 1910. Ein protokoll for kvinneforeningen viser det. Og slik har det vore sagt heile tida. Det var i 1910.
.
Men kanskje var det før. Ikring 1900 var det stor vekking i distriktet, særleg ved den såkalla ”Røislands-vekkinga”. Våren 1902 var emissær Bertinus Røisland i Haugesund, og mange vart frelst då.
.
I den tida heldt alle til i bedehuset nord i byen. Og då vakne interessa for den nye Kinamisjonen, og på same tid kom det folk frå lenger nord på Vestlandet og tok Vestlandske indremisjon med seg. Slike nye grupper samlast nå til eigne møte – både i bedehuset og det gamle Rådhuset, der det gamle politikammeret var seinare.

I denne tida vart byen utvida sørover ved at større offentlege bygg vart reist her. I 1913 vart altså Sønde Godttemplarloka bygt , det som Vestlandske overtok tre år etter. I 1920 vart Festiviteten bygt rett over gata, det var byen si storstove.. Og i 1924 kom først trinn av Haugesund sjukehus og same år vart grunnmuren reist for Rådhuset, rett sør for Betania. Penger mange til resten då, og det vart ikkje ferdig før i 1931. Det var her i dette området at Vestlandske fekk plassen.

Kinafolket tykte dei hadde bruk for eit eige forsamlingshus, for dei hadde mange møte og samlingar. Dei såkalla ”Kinajentene” var og i verksemd då. Så fekk dei kjøpa stallen og løa til Holgersen nord i byen ved Loteparken i 1908. Dei fiksa opp huset og vigsla det til Misjonshus 3. juli 1910. Venene frå det Vestlandske ba om å få vera med, dei trudd faktisk at dei var me då huset vart kjøt. Leiarane her var m.a. Taule, Bjerkenes og Chr. Lindås. Taule var frå Radøy, og det var truleg han som kome hit med Vestlandske Indremisjon.
.
I 1912 kom den vidkjende Sirdalspresten Bernt Lindeland til Haugesund, som var fødd på Avaldsnes der faren var klokkar. Han var vekkingsprest og kristenfolket lika han. Og han vart ei god støtte for Vestlandske, der han ei tid var formann. I 1914-15 var det vekking ved Adolf Bjerkreim, som då ”reiste for Kina”, som dei sa før.
.
Ved sida av møteverksemd, hadde dei fleire andre oppgåver. Dei hadde sjukepleiar og bibelkvinne og fleire foreiningar. Ungdomsforeining vart skipa.
.
Strid.
Etter dette vart det uro og strid mellom dei to gruppene på Misjonshuset. Vestlandske ville ha ein gjendøypar som predikant, men det kunne ikkje Kinafolket vera med på. Då kom det opp kven som åtte huset, og det vart avklåra at Kinafolket var eigar her.
.
Misjonær Seyfart spelte ei aktiv rolle her. Han var då i byen og meinte dei ikkje kunne ha ein tidlegare pinsevenn, Harald Fosse, som talar. Dei som ville vera i Vestlandske gjekk ut i kr. 1916, då var dei berre 20 att. Dette året kjøpte dei så Søndre Godtemplarhuset sør i Byen, bygt i 1913. Det vart sett i stand og vigsla til bedehus i 1917. Då var det fullt hus. Huset vart nå kalla ”Søndre bedehus” av di det låg sør i byen til skilnad frå det andre lenger nord. Og dette namnet har halde seg hjå eldre folk heilt til vår tid.
.
Dette nye bedehuset var ikkje berre ”Syden”, det har og vore ei slags ”jordmor” eller ”fødselshjelpar” for andre. Det gjeld t. d. Pinserørsla til ein viss grad ikring 1919. Då var pinsepredikanten Rein Seehus i byen. Dei lånte ”Søndre” og hadde møte der, som etter kvart resulterte i ein ny kyrkjelyd, det seinare Tabernaklet. Seehus fekk nytta huset til møte på vilkår av at han ikkje skulle tala eller praktisera dåp.
.
1919/20 vart ei spanande tid. Forsamlinga var ganske ny og heller liten. Etter Seehus sine møte vart det ei avskaling ved at nokre av dei ”vestlandske” døypte seg om att og gjekk inn i pinserørsla. Nå var dei ganske få att. Tanken om slå seg saman med Indremisjonen på Bedehuset var oppe fleire gonger. Men på eit medlemsmøte 19. juni 1922 vart den tanken gravlagd for godt.

Dei skipa ungdomsforening det året, men vart snart nedlagt ”under særskilte tilfeldigheter”, men vart teken opp att same år.

I 1922 hadde dei tre juletrefestar: ungdomslag, søndagsskule og vaksenfest. Det året hadde dei óg samtalar med Gustav Ballestad om å få han til sekretær. Han kravde 6000 kr året i løn og to månader fri og ferie. Då blei det ikkje noko av. Dei tykte det var for høg løn. Dette året tenkte dei og på å gå saman med den eldre indremisjonen i bedehuset. Men ”alle” var imot det. Ikkje minst Lindeland tala imot det.

Året etter danna dei songkor med O. Johannesen som instruktør, og dei ga 100 kr. til byens fattigpleie til jul – for ”her skal være stor nød i år”.
.
Då kom og spørsmålet om utviding av lokalet opp. Her arbeidde dei altså med tru på betre tider. Fleire framlegg var oppe, men det vesentlege var at dei bygde galleri og reiv ned veggen mellom lillesal og storsal. Då fekk dei plass til 300 meir enn før. Urrang fekk oppdraget – for 3850 kr. Dei skulle sprenga seg inn i fjellet for å få større møtesal. Då seier protokollen: Dei sprengde med voldsomhet, benker ble skutt sønder og sammen! Så då var det liv her! Det tok si tid, og først 15. mars 1925 hadde dei vigslingsfest med Didrik Andersen og pastor Lindeland som talarar.
.
Nå fekk dei nokre jamne arbeidsår i ei elles tung økonomisk tid. Frå ikr. 1935 vart det betre økonomiske tider i landet. Dei store vekkingane kom likevel ikkje her, slik det var fleire andre stader i landet i 30-åra. Dei spurte fleire predikantar om å koma som fast sekretær, t. d. G. Ballestad. Men det lukkast ikkje. I 1936 skriv dei t. d. i årsmeldinga: Frammøtet til våre møter har vært dårlig. Men dei hadde mange møte. Eit år hadde dei 10 møteveker samt offerveke.
.
Sommaren 1939 skjedde det noko. Den såkalla ”Teltmisjonen” sette opp eit stort telt med plass til 1200 på staden der Metodistkyrkja nå er. Det kom 700 menneske frå Stavanger med båt til opningsmøtet 10. juli, og mykje folk frå byen møtte fram. Teltmøta heldt fram til ut i september, då heldt dei fram i Totalen ettersom Misjonskyrkja ikkje hadde eige lokale då.
.
Her kjem så Betania inn. Dei hadde møte fleire stader, for Totalen var ikkje alltid ledig. Betania sin protokoll viser at frå slutten av oktober til desember hadde Teltmisjonen 23 møte her. Dei hadde også lånt lokalet tidlegare på året. Også i 1940 var Teltmisjonen, eller Frimisjonen her.
.
I 1939 hadde dei Johan B. Johnsen som sekretær ei stund. Men det er klårt at teltmøta som kom att fleire somrar, samla mest folk. Det er naturleg å tru at ein del møtefolk i Betania gjekk mest der. M.a. gjekk J. Thaule ut i 1942, han hadde vore ei god mann for dei.
.
Det må ha vore ein tung haust.  På styremøtet 9. oktober med ei sak: Skulle dei selja Betania og kjøpa halvparten i Misjonshuset og gå over til dei. Dybevik hadde tala med Haukås i Misjonshuset der styret var interessert i samanslutning. Nå skulle dei utarbeida eit framlegg til avtale med Kinamisjonen.
.
Så seier ikkje protokollen meir. Snart kom krigen og stansa mykje. Tyskarane tok Betania i juni 1941 til april/mai 1945.
Då hadde forsamlinga møte i andre, leigde lokale som Blå Kors. Det var ei vanskeleg tid, men fleire andre forsamlingar opplevde det same, t.d. Misjonshuset.

Nils Tvedt fortalde at han som guttunge under krigen gjekk forbi Betania ein dag. Døra stod open, og han ville sjå kva som var i bedehuset nå. Og kva såg han? Jau, to tyske offiserar rei på kvar sin hest mellom benkene! Bedehuset var blitt hestestall.
.
Ein liten fin sak ved tyskarane var dette: Dei tok ikkje berre huset, men betalte husleige kvar månad for det! Det same skjedde t.d. i Nordbø bedehus, Karmøy. Men der er ein skilnad på desse to husa: Nordbø fekk same sum heile tida. Her i Haugesund fekk truleg tyskarane dårleg råd etter kvart. Dei byrja med 250 kr. men frå okt. 42 vart summen 214 kr. for å enda på 155 kr. frå juni 43 til apr. 45. (Eg veit ikkje den eigentlege grunnen til det.)
.
Etter krigen måtte huset pussast opp, og det vart dyrt. Men alt 18. sept. 1945 hadde dei første møte i huset.
.
Natta til 22. des. 1988 komt ein katastrofe for Betania. Huset stod i brann og vart totalskadd. Søndagen før hadde dei sunge jula inn – det siste møtet i gamle Betania. På nyåret hadde dei årsmøte, og i årsmeldinga skreiv Nelly Blikshavn: ”Vi stod fattige tilbake og hadde mistet vårt åndelige hjem.”

Men huset var fullt forsikra og vart bygt opp att. Først sa kommunen nei pga ein reguleringsplan, men om hausten 1989 kom gleda: Bygging var godkjent. Hesseberg var arkitekt, og dei hadde første møtet i det nye huset 29. sept. 1990, men den offisielle vigslinga var først 28.des. I mellomtida hadde dei møte på Sørhaug bedehus.
.
I protokollen for årsmeldinga 1989 står skrive: ”Takk til Gud, for han har vært god mot oss!”

.
Nye må vinnast! Det er tanken med all misjon og ei hovudsak også her. General William Booth så til arbeidarane sine (offiserane): ”Gå etter sjeler, og gå etter dei verste.” Eg vil gjera fiksa litt på det og seia: Gå etter sjeler, og gå etter alle.

Arbeidet har gått sin vante gang med møteveker og søndagsmøte. Her har vore vinglag, søndagsskule, ungdomsforeing, kvinneforening, unge vokse, bibelskuleforening, santalforening.
.
Ser ein gjennom alle listene, finn me mange predikantar. Eg har kjent mange av dei, og mange er døde. Sjølv fekk eg tala her første gong i 1959.
Mange friviljuge har teke mykje ansvar i arbeidet her. Men lønningsdagen er ikkje komen ennå.
.
Nå har de vore litt i Syden, på Søndre. Det kan bli varmt alle stader der Guds folk samlast. Det var Guds  tanke.

Må Gud få velsigna Betania og elles alt arbeid i Guds rike.

onsdag 24. mars 2010

Solgry 30 år.

Solgry 14.9.08. 30 årsjub.
Kjære misjonsfolk.
Då Solgry skulle starta opp som leirplass, måtte dei tilsetja folk. Styret og sekr. tok kontakt med folk.
- Til ein av dei skreiv dei slik: ”Vi trur det skal bli ein god og fin plass, som skal bli et godt redskap for Guds rike.”
.
Det var profetisk. Solgry er fin! Og til nå: et godt redskap! – Her inne i skogen ved vatnet lyder ordet om Jesus til born og unge og eldre. Solgry tyder at Nådesola gryr i hjarto.
.
Det tok til i 1978 med fest og innviing – 18. juni skjedde det. Men det starta før – med ein lang og trang fødsel.
.
- På årsmøtet i Uskedal i 1970 blei det vedteke: Me skal byggja leirstad. Krinsstyret fekk vide fullmakter:
Dei kunne kjøpa tomt, laga finansplan, og setja arbeidet i gang.
Dei fekk frie hender – og misjonsfolket synte slik tillit til styret. Men det skulle altså gå fleire år før huset var reist.
.
Den første tomta låg lenger sør, ved Haukåsvatnet. Her hadde dei sett seg ut ein stad, og nokre unge hadde faktisk St. Hans-feiring med bål der i 1971? Men ikkje alt var heilt vellukka her, det galdt kloakk
og veg. Det vart altså ikkje noko av. Men dei laga teikningar og planar – for nå SKULLE det bli leirplass.
.
Nemnda for arbeidet leita vidare og kom opp hit til Moldbrekke. Her ved vatnet stod dei og såg: Her skal me byggja.
Ganske snart fekk dei tilbud om å kjøpa 40 mål for ca. 40.000 kr av Thomas Moldbrekke. Frådelinga vart godkjent av Hordaland fylkeslandsbruksstyre.
.Nå byrja ei ny tidsrekning i misjonen her. 3. jan. 1972 sette dei i gong innsamling. For nå trong ein pengar som aldri før. Året etter valde dei byggenemnd og året deretter kom lotteri til inntekt for leirstaden.
.
På årsmøtet det året – i 74 - fekk folk høyra at arbeidet gjekk seint. Spørsmålet om kloakk hindra starten, og s.å. vart utslepp i vatnet ikkje godkjent. Det skal ikkje gå lett her i verda. Men om hausten det året var problemet løyst ved biologisk reinsing og vakumklosett. Det var eit stort framsteg, sjølv om det var eit frykteleg bråk med dei, særleg om nettene .
Først tenkte ein å byggja med flatt tak – det var på mote ei tid. Men det kunne koma snø! Og 12. okt. vedtok ein mønetak som det beste.
.
Framleis var det ein papirleirstad. Dei hadde ikkje lov å setja spade i jorda før alle papir var ordna. Slik er det berre. På årsmøtet i 1975 kom gladmeldinga: Gravinga skal ta til i august! Byggestart kom i oktober. Nå byrja ballen å rulla.
.
-Men kva skal barnet heita? Det var viktig. Ungdomsnemnda og krinsstyret fekk fullmakt her. Men misjonsfolket fekk koma med framlegg.
Då krinsstyret hadde møte 2. jan. 1976 hadde dei over 30 namn å velgja mellom. Dei landa på SOLBAKKEN. Det lydde fint. Misjonsfolket skulle senda ungane sine og andre til Solbakken! Det var stas.
.
Tre veker etter kom ein ny smell: Det kom protest. Ein naboeigedom heitte det – og der gjekk det namnet i vasken. Som einaste sak på styremøtet saman med ungdomsnemnda vedtok dei nytt namn i jan.: Nå skal det heita SOLGRY. Basta! Det fekk ingen ta frå dei.
Men ungd.sekr. Kåre Eidsvåg hadde alt 12. jan skrive til gen.sekr. Breivik at namnet var Solbakken ungdomssenter – ”og vi trur at Herren vil strida for oss
når det gjeld reisninga,” skreiv Kåre. Der fekk han rett.
.
Men pengar trong dei – mange pengar. Og budsjettet auka år for år. I 1975 var planen å greia seg med 197.000 til drift. Sjølvsagt var det for lite. Nå er det over 2 mill. kr.
Året etter lånte dei 600.000 til bygging og to år seinare 300.000 nye kroner. Så her rulla pengane fort.
Kalkylen var 1, 3 mill. og dei hadde samla inn 240.000!
Her arbeidde dei altså med eit trusbudsjett. Og misjonsfolket opplevde økonomien tung. På årsmøtet i 1978 kom det fram at Solgry var ei økonomisk bør for krinsen. Dei hadde då eit samla lån på 1 ¼ mill. kroner. Det var mange kollektar i den tida.
.
Og alt i 1980 var det behov for å isolera romma. Det kravde endå meir pengar. Ein kjem ikkje langt utan dei i våre dagar.
.
Ti år etter var det ein mann i krinsen som såg alvoret i dette – og ville gjera noko med det. Han skal ha stor heider for innsatsen sin. Me tenkjer nå på Anders Eide. Han bad styret om løyve til å reisa rundt til folk og skriva brev til andre. Han ville be folk om å gje 5000 kr. kvar til gjelda på Solgry. Styret såg positivt på det, og Anders sette i gang. Mange misjonsvener
fekk husbesøk då, og handskrivne brev gjekk til dei han ikkje nådde elles. Alt i sept. hadde han 34 namn på lista som gav 170.000 kr. og året etter hadde fått inn 450.000. Saman med gavebrev hadde han nå 840.000 kr – gjelda var på 813.000 då. Nå blei taket malt og gjelda nedbetalt – og mange var letta.
.
Men – det gjekk ikkje lenge før nye planar låg på bordet. I 1995 kom saka om rehabilitering av heile bygget opp. Nå måtte folk ta eit nytt tak skulle leirstaden verta meir tenleg. Ein ville starta i 1997, men rett fart på det vart det i 2000. Eit ekstra finansieringstiltak dei siste åra er samlinga kring 1. mai. Då samlast folk her til skikkeleg basar. Bilkøen når mest ned til hovudvegen!, og mange dreg med seg heim bord og stolar og bøker og mykje anna.
.
- I fleire år har det vore julegave-weekendar. Då kjem born og foreldre og jobbar dagen lang med førebuing til jul. Innimellom lyder så ordet om barnet i krybba. Dette er óg misjon.
.
I mellomtida hadde det vore skifte av styrar. Terje Treidene hadde vore her nokre år, men sa opp i 1991. I 1995 kom Kjetil Halvorsen hit og året etter vart Hilde Treidene tilsett som husmor i deltidsstilling. Fleire har vore tilsette for kortare eller lengre tid. Også fleire leiarar og kjøkkensjefar har det vore.
.
Heile tida hadde det vore mykje dugnad her. Mange stilte viljug opp og arbeidde mykje. Det kom folk frå fleire kommunar. Truleg ville ikkje leirstaden vore det han er, utan dette friviljuge misjonsarbeidet, frå Bremnes/Bømlo, Karmøy, Haugesund, Stord m.m. Ingen nemnde og ingen gøymde her. Men me vil heidra alle, både betalte og gratisfolk. Heller ikkje skal me gløyma Solgry-styret, nå med Terje Eng som formann. Det har stått på heile tida.
.
Solgry er først og fremst ein leirstad for born og unge – sjølv om andre aktivitetar og er her. Ser me på dei siste ti åra var det 21 leirar i 1997 og 26 i 2006. Det har veksla litt frå år til år. Perioden byrja med ikr. 800 born på leir til over det doble nå.
.
For ti år sidan var det 20-årsfest, der Bjarne Dagsland tala – han var gammal ungdomssekretær her. Og Konrad Amland var historieforteljar med lysbilete. Han har og vore arbeidar i krinsen.
.
Rehabiliteringa tok til i år 2000. Og Geirmund Gausel har stått for styret nå. Inngangspartiet var første steg, elles skulle alle rom fornyast slik at 3 rom vart 2 nye. Og nå kom bad og klosett på kvart rom – som 3 stjerners hotell i skogen i Sveio.
.
Men Solgry er ikkje hotell og det vart heller ikkje asylmottak som ein fekk spørsmål om i 1999. Men avlasting for sjukeheimen i Sveio vart det då den brann i 2007. Solgry sitt hovudfag er og blir dei små og unge. Det må synga i hjarto våre det Orheim skreiv i 1915: Dei unge i Noreg må vinnast for Gud, den oppgåva herleg oss helsar.
Må Gud signe staden til det.
.

søndag 7. februar 2010

Nordbø bedehus, Betania, 100 år.


 
























Nordbø bedehus før 1959. Kjelde: Norges bebyggelse.

Nordbø bedehus (Betania).
.
Bedehuset er 100 år den 6. febr. 2010.
Men 100 år er ingen alder, landet vårt er 1000 år og meir til. Men ein slik dag skal markerast, det er som ein merkestein i  soga og minner oss om noko som har hendt før.
.
Protokollen for huset seier lite. Der står det stort sett kven som er valt inn i styret frå år til år. Og det er dei same som går att mange gonger. Difor står det slik: ”De uttredende blev gjenvalgt.” Og nokre gonger står det: ”Ved akklamation.” Dei gjorde det enkelt og greit.
.
Først stiller me eit spørsmål:
1. Kvifor bygde dei Betania?  
Me kan og spørja: Kvifor er det så mange bedehus, både her i bygda og kring i landet?
Svaret er enkelt: Dei hadde ikkje bil. Dei gjekk, i mørke kveldar på arbeidsdagar. Til kyrkje kunne dei gå eller køyra med hest. Det var på sundag og fridag.
.
Eit anna svar er vekkjingane. Ved hundreårsskiftet gjekk Røiselandsvekkjinga over bygda og distriktet. Etter den bygde dei bedehus på Hauge i 1903 og året etter på Håland. Hausten 1909 var det vekkinga i Avaldsnes og Hauge ved Daasvand og Oftedal. Det er ikkje unaturleg å tenkja at nå var det folk i Salhusområdet som også ville ha sitt eige hus. Ikr. 1900 budde det over 100 vaksne menneske i området.
.
Salhus var eit senter i denne delen av bygda. Her var kai, butikk, arbeidsplassar og det kom etter kvart fleire som bygde seg hus her. Her låg også ”Sælehuset” i gamal tid, det var eit slags hotell der reisande kunne ta inn. Det er nemnt så tidleg som i 1368. I 1655 var det også eit hus for spedalske her.
.
Det ser ut til at nokre ville flytta bedehuset på Hauge nærare Salhus. Det vart skrinlagt i prosessen som nå kom.
.
2. Korleis skjedde det?
Her må me nemna nokre datoar som hjelper oss til å sjå hendingane.
Truleg i første veka av november 1909 har nokre undersøkt om kor dei kunne få tomt. Fru Inger Nordbø var enkje frå 1902 då mannen døydde i Amerika. Nå ga ho tomt til nytt bedehus.
.
8. nov. var 14 personar samla i stova til Jakob Nordbø, inklusivt to kvinner. Han var frå Vatland i Skjold og gift med Marta Kristine, dotter til Tomas Wegner Nordbø. Ho var dø alt i 1882 og hadde ikkje born, og dei budde i Nordbøhuset, på haugen der ein køyrer ned til Kjell Lunde nå. Jakob var altså enkjemann i 1909 og han levde til 1924. Nå var han ei drivkraft for å få bedehuset reist trass i sine snart 78 år.
.
Til dette første møtet hadde dei kjøpt inn protokoll og skreiv referat frå desse forhandlingane. I denne tida var det også litt uro på Hauge.
4. nov hadde åtte menn skrive til styret og ba om at dei som praktiserte fri nattverd fekk bruka huset. Men for dei som ”virker for” fri nattverd, skulle det vera stengt. Dei skilde altså mellom det å  vera med på fri nattverd og å agitera for han. Styret hadde møte  7. nov og overlet saka til årsmøtet. 11. nov. kom ei ny sak opp på Hauge. Emma Nilsen Øgreid bad om å få huset til møtet for ”Soldatermisjonen”. Men det vart avvist ”ifølge hennes kirkelige stanpungt”. Ho var med då dei skipa dei ”frie vener” i Skudenes. 21. nov. var det årsmøte for bedehuset, og ”efter nogen debat” vart søknaden frå dei åtte avvist.
.
Møtet på Nordbø 8. nov. var altså før denne siste avgjerda. Dei må ha skjøna kva utfallet vart. Truleg var nokre av dei åtte som praktiserte fri nattverd med i flokken på Nordbø.
.
Første punkt på saklista på Nordbø var flytting av huset på Hauge. Det ville dei ikkje ”forlanga”, og det hadde heller ikkje løyst problemet med nattverd dersom det var med i planane.
.
Neste punkt var bygging av bedehus: ”Bedehus skal bygges.” Alle var samd i det. Men dei var litt usamde i storleiken, 8 mot 6. Fleirtalet ville ha det som Hauge bedehus, men tømra skulle vera  1 alen kortare, og reisverket 1 alen breiare.
.
I denne tida sende dei inn annonse i Haugesunds Avis og i Stavanger (truleg Aftenblad) om anbud på bygginga, annonsa kosta 5 kr. Dei skulle altså ikkje byggja sjølv, men få fagfolk til å gjera det. – Nå vart det nett ein Torvastadbu som fekk jobben, Helge Andreas Vikingstad, som då budde på Håland. Han var fødd i 1868 og døyde i 1947. Han fekk skøyte på bruk 12 på Håland i 1905. Det er etterslekt etter han og kona Anna Gurine Nilsdt frå Finnås, d. 1956.
.
Men dei 14 personane trong heile bygda i området med seg. Difor arrangerte dei ope møte 11. nov, og alle som kom, gjekk inn for bygging. Det var same dag som møtet på Hauge. 24 personar skreiv under på gaveliste for huset – ”en for alle og alle for en”. Dei stod solidarisk med kvarandre for å få huset opp.
.
På møtet vart fem menn valde som byggekomite, og to skulle gå kring på gardane og samla bidrag. 57 personar ga 917 kr. i alt. Dei var frå 6 gardar i området.
.
Huset kosta 2760 kr., og dei tok opp lån på 2200 kr. Det gjekk raskt med bygginga. Her var nok ikkje mykje papirarbeid og komitear som skulle godkjenna bygginga. Dei fekk nok eit byggelag som svar på annonsa og som sette i gong kort etter midten av november. Det var ferdig til 5. februar.
.
Ny annonse måtte inn i H.A. – til kr. 1,08. For nå skulle dei ha fest og vigsla huset. Det står ikkje noko om kven som talte på dette møtet. Det er ikkje unaturleg å tru at det var sokneprest Lüdemann, han skulle t.d. laga statuttar for huset og var med i det første styret. Det kan ein tolka slik at han skulle gi legitimitet til det nye bedehuset.
.
Eigarane av bedehuset talar óg i same retning. Det var folket på dei fire næraste gardane som åtte huset. Det skulle ikkje vera ein organisasjon, t. d. Kinamisjonsforbundet. Det var eit felles bedehus for alle i nærområdet.
.
3. Kva hende seinare?
Eit bedehus har alltid vore tenkt som ein møte-og bønestad. Det er ikkje eit vanleg forsamlingshus der kva som helst kan skje. Huset skal primært nyttast til møte der ein talar Guds ord, syng og ber.
.
I august 1910 hadde dei truleg bede om ein framand talar. Då har Lavik fått kr. 10 i reisepengar. Det var truleg Andreas Lavik, gen.sekr. i Vestlandske Indremisjon, som dei hadde som talar då. I mai 1912 er Matias Orheim her, han får 5 kr. i reisepengar.
.
Men det var ikkje gratis å ha eit bedehus. I 1913 laut dei betala kr. 0, 24 i grunnskatt! Og det året første verdskrigen byrja, kjøpte dei inn små flagg til pynt – for kr. 1, 40. Det er rekneskapet som avslører det.
.
Går me så fram til andre verdskrigen, vart huset nytta av tyskarane frå 8. april 1941. Men så skjer det noko positivt: Ein månad etter fekk bedehuset 70. kr. i husleige av Den Tyske Vernemakt! Og seinare kom det kvar månad med litt ulike beløp. Men ikkje i 1942 fekk dei noko. Heilt til 31. juli 1943 varte det. Då fekk dei plutseleg 1980 kr. av Vernemakta – det blir 110 kr. pr. månad, som elles var vanleg då. Så dei gjorde opp for seg.
.
Tyskarane hadde huset til 1. jan. 1944, men folket nytta ikkje bedehuset til møte då, ser det ut til. Dei spikra fjøler over vindaugo og reparerte mykje. Dei kjøpte t. d. materialar for ca. 4000 kr. og like mykje i arbeidspengar. Då måtte dei ta opp lån på 4000 kr. for å greia dette. Også nå var det ein torvastadbu som fekk oppdraget, Svend Gunnarshaug. Han hadde med seg nokre medarbeidarar frå bygda. Men det tok si tid – det var mykje å gjera.
.
Men i alle høve frå 1946 var det møte i huset. 6. jan. hadde dei søndagsskulefest og 10. mars hadde dei fest med innviing av huset etter reparasjonen. Då fekk dei mest 450 kr. i inntekt!  
.
I tillegg til møta har det vore sundagsskule, barnelag og festar på huset – og hovudsaka i alt var Guds rike.
Og bedehuset er eit tilskot ved sida av kyrkja for at Guds rike skal veksa. Det viser t.d. vekkjinga i 1939-40 der m. a. sekr. Olav Hovda var talar.

Men – skal også hugsa noko som professor i hebraisk og salmediktar Elias Blix skreiv 20 år før bedehuset vart reist:
Vil Gud ikkje vera bygningsmann, me fåfengt på huset byggja.
Det står alltid ved lag i Guds rike.
 .
Nils Dybdal-Holthe.

søndag 17. januar 2010

Nordbø bedehus 100 år.

Nordbø bedehus Betania er 100 år den 6. februar 2010.
.
 
 
























Nordbø bedehus før 1959. Kjelde: Norges bebyggelse.