lørdag 12. juli 2008

Teneste i Frelsesarmeen - 1.

Minner frå feltet.

Av Nils Dybdal-Holthe (våpendragar).

Frå dei korte åra i Armeen har eg mange gode minne. Snur eg meg og ser attende på vegen, finn eg mange vakre blomar. Torner og tistel prøver me å gløyma, men held fast på rosene.

Eg vart innvigd til soldat av kapt. Synnevåg i Sauda korps hausten 1954 og vart straks korspkadett. Utpå vinteren fekk eg vera korpshjelpar, og me reiste mykje i bygdene i Ryfylke. Me hadde juletrefestar og møte. Fru Eva Synnevåg tok vel vare på den unge spira, og soldatane var med i kampen utan å trøytna. Eg har alltid vore imponert over soldatane som brukar fritida si så mykje for Jesus. Gud signe dei! Ei kort tid var eg soldat i Stavanger våren etter.

Etter snautt eitt år som soldat skulle eg til krigsskulen. Då reiste eg om Grimstad. Der var Synnevåg offiser då. Der fekk eg ta del i møte både ute og inne. Dette var ti år etter krigen og mange ting var primitivt i by og på land. Utedo var t.d. vanleg – slik var det i Grimstad.

På Galgeberg.

Tirsdag 16. august stod eg på Vestbanen i hovudstaden. Storbyen overvelda meg, ungguten frå Vestlandet. Eit par av oss gjekk opp gata ovafor Nasjonalteateret og skulle ta trikken der. Synet er framleis klårt som krystall: ein stor uterestaurant full av støyande menneske som drakk øl. Bannord nådde øyra mitt, og ureint skjemt. Syndelivet stod i sterkt kontrast til vårt stillare vestlandsmiljø i 1950-åra.

Så var det Krigsskulen. Trikken stoppa ved Galgeberg – eg visste ikkje då at her hadde vore avrettingsstad for forbrytarar. Berget der galgen stod. Men nå var det evig liv som stod i fokus! Adressa til KS var den gong Enebakkveien 15. Her steig me inn, vart helsa velkomen – vaktrommet på venstre side gav assosiasjonar. Det var berre eitt år sidan eg hadde forlatt militærtenesta med litt meir disiplin enn det er nå.

Stolar på rekke og rad. David Welander på talarstolen – han var krigsskulesjef. Me hadde vørdnad for han, med mørke briller. Me visste aldri kva han såg. Han stod høgt hjå ungguten, m.a. avdi han hadde skrive songar eg kjende. Navnet Jesus blekner aldri og Jeg har vandret med Jesus i mørke og lys. Begge gav klang i mitt indre. Slik har eg det. Eg må elska namnet Jesus – han frelste meg ein dag. Og livet – alt då kjende eg både mørke og lys. Og her møtte eg forfattaren!

Arne Fiskaa fekk mykje å seia for meg. Han var sjef for mannleg avdeling, og me såg han dagleg. Blid og full av forståing. Det var godt å ha slike personar med omsut kring seg i desse avgjerande åra.

Sju menn var me på vår avdeling. Grotmål var sersjant og hadde dagleg tilsyn med oss – ein staut og real kar. 28 kvinner var jo ein heil skare i motsetnad, inkl. to sersjantar. Men det var streng disiplin og god avstand mellom kjønna, må vite. Til og med hagen var avdelt – me hadde den øvre delen, og kvinnene den nedre og større delen. Me skjemta med at me såg ned på dei.

Klasserom og matsal og trapper – alt var delt. Det kunne til tider få pussige utslag. To frå same by møttest ved ei trapp. Ein hadde fått brev heimefrå og ville fortelja nytt. Etter to setningar kom ein offiser forbi. Utan eit ord skilde ho dei og peikte kvar deira veg. Av omsyn til disiplinen. Og reglementet var klårt. I pkt. 13 står det: ”Samtaler, korrespondanse eller annen forbindelse mellom kvinnelige og mannlige kadetter tillates ikkje, verken på K.S., på korps, ved felttjenester, under fritid eller på krigsropssalg.”

Likevel. Me aksepterte det då. Me visste det var strengt og innordna oss under det. Og kanskje det var best likevel. Ingen har vondt av reglar.

Eg opplevde likevel ein heller pinleg episode her. Det var ein laurdag og med det sal av Krigsropet på gata i Oslo. Det var nok tidleg haust. Eg var ukjend både med kadettane og med gatene i byen. Nede i gamlebyen hadde eg rota meg vekk og visste ikkje kor eg var eller kor eg skulle gå for å finna ei trikkeline eller buss. På eit hjørna såg ei jente i uniform og tenkte: Ho er kjend, eg spør henne.

Då eg nærma meg henne, sa eg forsiktig kva mitt problem var. Ja, sa ho, eg har det like eins. Eg veit ikkje kor me er. Ho var også kadett. Me kjende begge reglementet, me hadde ikkje lov å tala saman.

Då sa eg – litt modig, har eg tenkt seinare: Me går ilag og vonar det går bra. Om litt fann me ei gate med trikk og kom oss til Galgeberg. Eg sa til henne: Gå du inn først, så kjem eg litt seinare. Det var rett før stengetid.

Neste dag vart det oppstyr. Eg vart høgtideleg kalla inn til Krigsskulesjefen. Welander sa alvorleg: Me har høyrt du var ute med ein kvinneleg kadett i går kveld. Vil du forklara det.

Ja, eg måtte berre seia som det var. Eg kjende henne ikkje, men begge hadde gått seg vill. Kva skulle me elles gjera? Han aksepterte forklaringa, men la til: ver varsam med dette ein annan gong. Og det trur eg me var. Eg veit ennå ikkje kven av jentene det var.

Ut på hausten hadde me fest i ”stova” på skulen, og nokre av oss skulle fortelja litt om korleis me møtte Frelsesarmeen. Eg var ein av dei. Og eg fortalde om Einar Madsen som hadde møte i mi heimbygd i mi ungdomstid. Han stensilerte songar me brukte på møtet, og eg tok vare på ein av dei. Då eg var norsk soldat i Somaleiren ved Sola, gjekk eg på møte på Armeen i Sandnes når det ikkje var møte andre stader i nærleiken. Seinare kom eg så til Sauda og vart innbeden til møte i korpset der av greie og ivrige ungdomar.

Då greip Welander inn og sa: Det er stadfesting av kallet! Han såg ein guddommeleg tråd gjennom alt. Me skulle ikkje ta noko som tilfeldige hendingar. Gud var med.

Felttog.

I slutten av januar 1956 reiste kadettane på felttog, og dei mannlege skulle til Torp i Austfold. I elleve dagar skulle me ha møte, og det vart ei ugløymande tid for meg, og eg trur for dei andre og.

Torsdag var me i Fredrikstad og fredag velkomstfest på Torp. Laurdag gjekk me i fakkeltog og hadde frelsesmøte om kvelden. Søndag vart ein travel dag. Først Hellighetsmøte på føremiddag, søndagsskole og demonstrasjonsmøte. Så var det basar og frelsesmøte til slutt om kvelden.

Mandag var det frelsesmøte att der fru Welander talte, og tirsdag reiste me til Selbak. Onsdag var det møte med framvising av tablået "Midnattssropet" og torsdag frelsesmøte. Både fredag og laurdag var det frelsesmøte der nokre søkte Gud.

Søndag hadde me først møte på Hauge på ettermiddag. Det var tvers over elva, der Hans Nielsen Hauge var frå. Det er bedehus i huset hans. Det var interessant å sjå denne plassen der hauge-vekkjinga starta. Den har hatt mykje å seia for store delar av landet vårt.

Mandag hadde me farvelmøte og tirsdag møte i Sarpsborg. Onsdag var det så heimreis til Oslo. I alle desse møta hadde me ein song me brukte kvar dag: Jeg er blitt grepet av Jesus. Som Gudmund Lund sa i eit vitnemål, ein av kadettane: Denne songen har gripe oss sterkt. Og det gjaldt nok fleire av oss.

Det var frost og snø heile tida, men stabilt fint austlandsvær. Eg har aldri gløymt desse dagane. Eg fekk tala to gonger på Torp - 2. febr. over Jeremias 29,11-13: Herren veit kva tankar han har med oss. Dagen etter tala eg over Mat.9,9 om kallet til frelse. 31. jan. tala eg på Selbakk over Salme 14, 1 om dåren som seier i hjarta: Det er ingen Gud. Me fekk altså ein god del trening i å stå framføre ei forsamling og prøva å tala over Guds ord. Og det treng alle som skal vera predikantar.

Elles var tida på KS også skule. Me hadde bibelfag, foredrag i geografi og soge, og anna. Håndbok i Troslære var mykje nytta, her var mykje puggestoff. Den gamle truslæra hadde lite forklaring, men var stappfull av bibelvers. Velbrukt er også Leksjoner i ordrer og regler for F.O. Der var regler for mest alt muleg, men også ei rekke forklaringar og opplysning om Armeens styre og stell. Mykje nyttig lærestoff.

Welander hadde bibelleksjonar frå skapinga i 1. Mos. 1 og gjekk gjennom mykje av soga i GT. Her fekk me mykje nyttig stoff, og eg har seinare ofte nytta bibelleksjonane når eg har tala. Me øvde også inn nokre demonstrasjonar, t.d. ”Før og nå”. Der fekk eg vera evangelisten, som skulle kalla folk til korset. I andre del var eg misjonskandidaten kledd i indisk FA-drakt.

Fleire gonger hadde me ”Åndeleg dag” med møter heile dagen utan at me fekk gå ut frå skulen. Det var meint som åndeleg konsentrasjon om Guds ord med tilreisande talarar.

Året på KS var i så måte ugløymande, og eg ville ikkje vore utan denne tida. Eg hadde kanskje fått noko av det same på ein annan bibelskule også. Men det vart KS som blei mitt val. Det er eg takksam for.

Første ordre.

Ordremøtet var 25. april 1956 i Betlehem i Møllergata. På den gule ordrelappen eg fekk utlevert, stod det Gjøvik. Eg skulle ha major Øksnevad som BO og fekk ei rik, om enn kort tid i dette korpset. Første mai var eg på plass og dei hadde velkomstfest for meg. Eg har notert at det var 125 vaksne og 5 born på festen. Øksnevad var ein drivande leiar, og det kunne vera stridt å fylgja med. Søndag var det 5 og 6 møte i alt. Over alt skulle ein gjera noko – på søndagsskule, fleire friluftmøte, føremiddagsmøte og kveldsmøte.

Alt 22. mai kom ein raud lapp i posten. Eg skulle ta farvel frå Gjøvik 10. juni. Som skikken var fekk eg ikkje straks ny ordre. Først 12. juni var den klar. Men eg hadde teke farvel med Gjøvik alt 10. juni. Laurdag 16. nådde den nye gule lappen meg – då var eg på ferie heime. Rena i Østerdalen var neste stasjon, der skulle eg vera ”under befal av” kapt. Reidar Molander frå 4. juli.

I mellomtida var det ferie og kongress. Sjølvaste general W. Kitching var talar i Nordstrandshallen i Oslo. Mandag var me i eit mektig misjonsmøte i Filadelfia. Det gamle Templet i Pilestredet 22 var nok for lite.

Men før eg kunne ta skikkeleg plass på Rena, skulle eg vera vikar på Hamar og hadde velkomst der 6. juli. 20 vaksne og 2 born var på plass, har eg notert. Dagen etter tala eg på fest i Brummundal og fekk lov å be med ei sjel. Halleluja, står det i mi dagbok.

På Hamar fekk eg styra meg sjølv til 26. juli. Eg hadde ein del friluftsmøte, var på festar og på fellesmøte. Ikr. 30 møte hadde eg desse tre vekene. Eg var fleire gonger i Brummundal og folk der kom til Hamar. Fleire vitja korpset midt i sumartida. Arne Gauteseth var divisjonssjef og hjelpte meg, oberst Sannes og brigader Brovoll var med. M.a. var me på Ådals bruk og hadde møte.

27. juli var det velkomstfest for offiseren ved korpset, kapt. Werner-Johansen. Men då hadde eg alt forlate byen og var på velkomstfest dei hadde for meg lenger aust i landet.

Østerdalen

Rena vart min nye arbeidsplass, og der skulle eg vera denne hausten og vinteren. Dette vare eit ganske nytt miljø for meg. Her låg Rena kartongfabrikk og eit typisk arbeidarmiljø, trur eg. Lite folk kom til møta, men du for ein liten trufast soldattropp her var. Det var som eg ville gro fast i denne innlandsbygda.

Ein hovudkontakt var E. Sør-Reime frå Jæren. Han var gift her oppe og dreiv ein tøybutikk litt utafor sentrum. Han er død for fleire år sidan. I tillegg hugsar eg Ber-Svensen, sers aktiv i søndagsskule og barneforening var han. Han spelte gitar og song – ofte hadde han ei Prøysenvise, og det slo godt an her.

Reidar Molander var altså min BO, og eg lærte mykje av han, m.a. litt islandsk. Me las frå islandsk og færøyisk bibel til andakt om morgonen. Det var spesielt for ein vestlandsgut. Han hadde vore offiser på Island og kunne språket. Ein søndag kveld hadde eg tala, og brukt ein påsketekst nå midt om hausten. Eg kjende det visst litt upassande etterpå og sa det til han: Teksten om påske var kanskje upassande nå? Nei, sa han, påsketekstar passar heile året, det er det sentrale. Det gjorde godt for den unge predikanten. Han viste forståing for ein usikker nykomling.

Laurdag 11. august skulle me ha møte i Steinvika, eit stykke lenger oppe i dalen. Me sykla og på vegen møtte me to engelskmenn på sykkeltur. Me prata litt og drog vidare.. Men i lokalet i Steinvika kom ikkje folk. Berre ein som opna huset kom og han ville gå heimatt. Me venta litt utan at fleire tilhøyrarar kom. Då snudde me og drog attende. Men ved elva ein stad såg me dei engelske turistane, og me gjekk ned til dei. Me spurde om me fekk synga ein song til dei, og dei kjende The Salvation Army heimefrå og ville høyra på oss. Eg hadde songen Navnet Jesus på engelsk i songboka mi. Og der i skogen langt frå folk lydde det ut i seinsumarkvelden: Never fades the name of Jesus… - Så fekk me halda møte den dagen også.

Ein annan gong skulle me til Osdalen lenger aust. Me tok buss, og frå Osbygda var det eit par timar med bussen, og me tok inn i ein kristen heim. Her var ikkje mange møte, og mannen sa: Her får alle kristne koma, same kva samfunn det er. For her får me mest aldri møte. Det resonnementet skjøna me godt. Han hadde laga til benker som høvde i stova. Kvar gong det var møte sette han dei inn. Han hadde og eit eige predikantrom der me fekk bu. Og det var underleg å høyra i eit kristent land! Men stova vart heilt full, og eg hadde inntrykk av at folket lytta. Dei tok imot det enekle me sa. Me hadde lysbilete med og utlodning. Me måtte spela på mange strenger.

Men søndagen før me reiste til Osdalen, hadde me ei fin stund på Armeen på Rena. I dagboka mi har eg notert: Halleluja! N.n. frelst! Eg skal skjula namnet her. Me kan godt kalla henne Tora. Det var eit stort under at ein ungdom blei frelst, og soldatar og offiserar var glade. Tenk, Tora bøygde seg for Jesus.

To og ein halv månad seinare vart ho vigsla som soldat i Armeen.

Det var medan eg var her at eg lærte litt om skilnaden på austnorsk og vestnorsk språk. Eg visste jo litt. Men nå fekk eg erfara det. Eg trur det hende 8. november, ein torsdagskveld. Me hadde barnemøte oppe på ein sal ein stad nær Elverum. Borna sat i gangen og rommet me var i, og eg skulle preika til dei. Det gjorde eg etter beste evne. Reidar spurde borna etterpå: Forstod de kva han sa? Nei, kom det i kor. Kor trur de han er frå, var neste spørsmål. Utlandet! Kom det, kanskje med litt undring.

Då skjøna eg at bokmål var betre her enn vestnorsk bygdedialekt. Då eg fekk ordet att, spurde eg etter ei forteljing om himlen – på deira mål: Vil de til himlen? Nei, sa ein gut. Kvifor då, ville eg vita. Det er så kjekt her, sa han. Så han trivdes på denne jorda.

Før me tek farvel med Rena, må eg nemna ein søndag kveld eg ikkje gløymer. Me hadde ikkje mykje løn i kroner og øre den gongen. Eg trur eg hadde 54,50 kr som eg skulle leva av i veka. Reidar hadde nok mistanke om at det hadde vore lita innkome denne veka, og søndag kveld etter møtet sa han: Me tel pengane i kveld. Elles gjorde me det mandag morgon. Først måtte me leggja til side alle utloger for korpset, som straumrekning og andre avgifter. Divisjonen skulle ha sin faste prosent. Var det noko att då, kunne offiserane ta løn. Slik var reglane då.

Då rekneskapet var ordna for veka, hadde me to blå fem-kronesetlar att. Reidar rekte meg den eine tvers over bordet der eg sat og sa: Her er løna di! Så den veka måtte me spara inn på alt det unaudsynlege. Men det var ennå ei god stund til jul.

- Mange år seinare reiste me på ferietur gjennom Østerdalen. Eg sa til kona mi: Eg har lyst å sjå Rena att og finna Arme-lokalet. Og der stod det, som før. Men skiltet med FRELSESARMEEN var borte. Ingen såg ut til å driva arbeidet der meir.

Trøndelag

Ved nyttårstider fekk eg ein ny raud lapp. Eg skulle ta farvel med Rena og den staute Østerdalen alt 6. januar. Eg fekk litt utsetjing, nokre få dagar. Me hadde planlagt festar og møte. Først 12. januar var eg på plass i Steinkjer i Nord-Trøndelag. Ein julefest var velkomstfest for meg. Her var Fritz Nilsen BO. Og me hadde ei hyggeleg tid i bygder og byar der nord i Midt-Noreg.

Her fekk eg vera med på fleire reiser – til nytt og forvitneleg land for meg. I mars var me t.d. i Namsos, Verdalen og Mo i Rana, Mosjøen og Sandnessjøen. Eg møtte nye offiserar og mange nye salvasjonistar. Påske var midt i april det året, og då var me på ungdomshøgtid i Trondheim. Det var ei oppleving. Trondheim var ein av dei store byane med mange soldatar. Veka etter reiste eg aleine til Follafoss og Malm på vårinnsamling. Då var eg og så vidt innom den historiske staden Egge som forfattaren Vera Henriksen skriv så mykje om. Her budde m.a. kongen Olav Haraldsen den heilage.

Men då vart eg sjukmeldt og reiste heim før ferien og var m.a. på sjukehuset i Sandnes til undersøking. Likevel var eg med på ei rekke møte den våren og sumaren, t.d. på teltmøte i Bjerkreim i Rogaland saman med songaren Arne Aano. I slutten av juni var det kongress, og sjølvsagt var eg der.

Ny utnevning

Medan eg var i Steinkjer, vart eg ”utnevnt” til løytnant av 2. grad. Før hadde eg vore prøveløytnant. Den blå lappen med stempel av kommandøren, E. Sundin, og initialane til J.A.Albro under, har eg ennå. Og det skjedde ”etter å ha mottatt tilfredsstillende underretning om Dem og Deres arbeid” stod det i det trykte formularet.

Før det kunne skje måtte me gå gjennom eit prøveoffiserskurs ved å svara skriftleg på 12 omfatande oppgåver, ei for kvar månad i året. Det var kapt. Lilly Gregersen frå krigsskulen som retta oppgåvene mine. Ho retta tolmodig og sende svar med kommentar. Ein gong peika ho på (med litt kritisk blikk) at eg ikkje hadde nemnt tobakken i spørsmål om synder og ting me skulle halda oss frå. Eg tykte det var så sjølvsagt for meg at det ikkje trong nemnast. Eg hadde aldri røykt. Men det skulle nok vore med i svaret. Ho hadde rett der.

I siste svaret sende ho meg helsing frå 1. Krøn. 28,20: ”Ver frimodig og sterk og gå til verket! … Han vil ikkje sleppa deg og ikkje forlata deg, før alt arbeidet for tenesta i Herrens hus er fullført.” Det var eit godt ord å ta med ut i felten. Diverre har eg ikkje fullført tenesta i sjølve Armeen. Etter kvart vart det ei anna teneste som låg ferdig og som eg fekk tru for. Men takksam har eg alltid vore for det eg lærte og fekk vera med om i denne ”Guds hær”.

Krigsskulen igjen

Men nå hadde eg fått ordre til Krigsskolen som assistent på mannleg avdeling. Det blei neste kapittel i livet mitt. Etter Kongressen gjekk turen attende til Enebakkveien 15. Her var det mange oppgåver og ei svært travel tid. Men eg fekk vera midt i arbeidet og trivst godt. Eg fekk tala ein del i Oslo og ta del i timane på skulen endå ein gong. I tillegg hadde eg praktiske oppgåver med dei mannlege kadettane.

Det første møtet eg tala på var i Oslo 3. korps 13. juli. Eg brukte den mykje brukte teksten i Mat. 9,9 om å fylgja Jesus. Eg fekk tala i dei fleste korpsa i byen, med unnatak av templet og eit anna korps. I august var eg ein tur til Torp og Lillestrøm, og i september var eg med til Lena. Det var velkomne avbrekk i rutinen.

Medan eg var her fekk eg vitjing ein dag av formannen i bedehuset heime, Gunnar Saua. Han ville vitja ungguten frå bygda og sjå korleis han trivdes i denne delen av Guds arbeid. Eg hadde vakt den dagen og sprang nok til og frå ein del. Heime sa Gunnar til mor at eg hadde altfor mykje å gjera, eg ville aldri klara den jobben.

Og der fekk han nok rett. Då vinteren nærma seg, var eg mange gonger hjå lege for ryggen. Og det fekk fylgjer.

Men ei fin hending fekk eg med meg frå denne tida. Det var ennå sumar og fint ver. Ein laurdag var eg med på friluftsmøtet på Stortorvet og vitna. Etter møtet kom ein mann bort til meg og bad om samtale. Eg såg han var ”pussa” og vegra meg litt. Men eg hadde lært at ein aldri skulle venda ryggen til folk som ville ha hjelp. Me gjekk bort til ein benk ved sida av Domkyrkja. Der opna han hjarta sitt. Han ville bli frelst. Kunne eg bed for han? Gjekk det an her? Og der – i skuggen av kyrkjetårnet midt i hovudstaden bøygde me begge to våre kne. Det var ein heilag augneblink i livet. Ei sjel forlet synda og verda og fekk møta Kristus, Frelsaren for heile verda. Eg møtte han att seinare på eit korps, lukkeleg i livet med Gud.

På Tonsåsen

Etter erklæring og anbefaling av dr. Henrik Seyffarth i Oslo, vart eg sendt til Tonsåsen i Valdres. Det var ein rekonvalesentheim for Oslo kommune. Seyffarth sa ein dag etter ein time med ”behandling”: Du må ikkje tru at eg ikkje kjenner til kva kristendom er - eg kom jo til han i FA-uniform. Eg er fødd i Kina, og son til ein misjonær, sa han. Seinare skjøna eg at det var misjonær Seyffath i Misjonssambandet - ein av dei gamle, gode misjonærane i pionertida i Kina. Og hausten år 2000 fekk eg vera i Kina ein tur og vitja feriefjellet til misjonærane, Haisjan i Hubei provins. Og der fann eg Seyffarth si feriehytte! Her hadde nok den seinare doktoren sprunge og leika.

Denne turen vart avslutninga på tida i Armeen. Det hadde vorte klårt for meg - og kanskje andre også - at det var ein for hard og krevjande arbeidsplass for meg. Med det vart det også sett punktum for ei mogeleg misjonærgjerning i Armeen. Eg hadde søkt om å få reisa til Sør-Amerika, vore til legekontroll og skrive søknad. Men det høyrde eg aldri meir noko om.

Nå reiste eg heim med alt mitt, og visste ikkje kva framtida ville gi meg eller kva utfordring eg kunne få.

I sivil –

Som før sagt hadde eg ei kort tid i FA. Eg la uniforma bort og fekk ei ny teneste. Men på mine reiser som predikant har eg fleire gonger møtt Armeen, og sume stader fekk eg vera i lag med offiserar. Nokre gonger har eg tala i Armelokaler. Det kan nokre gonger vera godt å visa at me er brør og kan vera saman. I november 1990 fekk eg ein misjonstur til India. M.a. skulle eg og ein diakon til Madras i sør-India. Der visste eg det var ein norsk frelsesoffiser. Ein dag me var ute og gjekk, kom me heilt tilfeldig forbi huset der Hovudkvarteret for FA for Sør-India låg. Me stansa litt og ut kom ein offiser. Eg helsa på armevis og sa kven me var og spurde kor den norske offiseren heldt til. Han viste veg, det var eit kort stykke oppe i gata.

Og der låg ”The Haven” der major Goksøyr var leiar. Ho hadde vore der i 23 år og lagt ned mykje arbeid på denne barneheimen som vart skipa i 1890 for å hjelpa kvinner og born på gata i Madras. Nå hadde dei born som gjekk på skule med fem ulike tamilspråk. Her fekk me altså sjå eit døme på lys i mørke som Frelsesarmeen har tent. – I 1995 var forresten arbeidet til major Goksøyr i Madras eit av prosjekta i TV-aksjonen.

Gud er den same i dag, og hans rike er det same kva former det kjem i. Og vår Far har mange born.

onsdag 9. juli 2008

Ein arbeidsdag.

Den fyrste dagløna mi.

(Stil skriven på Solborg etterjulsvinteren 1953. Hendinga er frå 1948.)

Bortetter landevegen tråvar ein hest, i tanande firsprang ber det. Etter hesten sleng ei kjerre som det skulle vera halen hans.

Og oppi denne set ein tretten-fjorten års gamal gut med taumane i hendene. Han slår på hesten som det skulle vera ein trestokk, ikkje eit forstandig dyr. Det er tidleg på morgonen, og folk er snautt oppe. Ein og annan er på veg mot fjosen for å mjølka.

Med det same det fæle uhyret fer forbi, snur dei seg, og undrast på kva dette kan vera. Jau, den hesten er det, fælt til fart han har. Kva er det som står på der i garden, skal tru? ---

Men guten oppi kjerra set og tenkjer han, tenkjer så det knakar etter. Han ansar ikkje at folk står og glor og gaper etter han, den halvgalne guten. – Nei, tankane går som eit vasshjul hjå han, sviv rundt og rundt. Tenk, fyrste dagen ute på arbeid i dag, ute mellom vaksne folk. Tena sine eigne pengar ved ærleg slit og strev.

Det er gruskøyringa som skal til, og det trengst visst og, no i denne vårbløyta. Og så tenk, det var eg som skulle vera med på alt dette. Men eg måtte no sanneleg koma som ein mann til grustaket, eg var no vaksne kar. Eg stoppa hesten og hopte or kjerra, braut av ei lang grein som eg laga til svepe. Hesten stokk med det same, han var visst redd for slag. Ja, berre vent du farr, du skal nok få!

Ikkje lenge etter var eg framme, og hadde køyrt i kavbyks den halve mila eg hadde å køyra. Ei heil dagsreis, tykte eg. Men eg skulle få lenger å køyra seinare. Tre kilometer kvar veg, det vart seks kilometer for ei vende det. Hesten greier det nok, trøysta eg meg med.

”God dag, god dag, er du ute med hesten og, så tidleg?” Det var ein av jamaldringane mine som spurde, ein skulekamerat. ”Jau, eg no det, tykte eg måtte ta mitt for å få vegen ferdig, no dei har det så travelt, dei andre.” – Eg hadde lese Smørbukk, så eg visste til å vera ”karsleg”. Han hadde det stundom med det han, og folk tykte visst stort om han og, så eg måtte vel gjera det same eg.


Det samla seg mykje folk, det såg ut til å vera nok likevel. ”Det er svært med folk som, vil hjelpa oss,” tok den andre i. Ja, dei ser no vel litt av elendigheita, dei óg.” – ”Ja, ein skulle tru det, at vaksne folk måtte sjå slikt.” – Men bak trea stod nokre vaksne folk og smålo åt desse ”veslevaksne” karane, noko me ikkje ana.


Men tida til arbeid var alt inne, og kjerrene vart lesste i ein blunk. Og så bar det i veg på den lange vegen til staden som skulle grusast. Blaute vegar var det, og reint og roleg gjekk det. ”Ingen må fylgjast på vegen,” lydde ordren då me for, ”det vert for mykje for vegvaktaren som grusar.” Ja vel, me vart sende ein og ein, med visse mellomrom fekk me gå.


Men avtalen var oss imellom: ”stopp og vent borte i svingen.” Og så vart gjort, då eg kom der bort, var han der. Me batt hestane i hop, og så sette me oss oppi kjerra. Praten gjekk som ei kvern heile tida. ”No kan dei sjå, det er ikkje så lett å lura oss karane.” ”Å nei, me er for kloke til det,” svara han.

Rett fyre oss køyrde to gjenter, dei hadde lånt ei gamal merr og skulle prøva. På heimvegen gjekk det no så til at me tok ein snarveg ned ein bratt bakke. Hesten til dei to gjentene vart visst skræmd av noko, han tok ut som eit uvær. Kjerra for av hjula, og nedetter bar det med gjentene oppi. Eit brak og skrik utan likning var det, og hesten vart meir og meir redd, og di fortare sprang han. Og til fortare hesten sprang, til meir skrik og brak var det i kjerra. Endeleg fekk nokon stoppa han, og dei vart berga. Men skramer og sår hadde dei fått, både her og der.


Men no var det middag. Godt var det med litt mat etter ei slik ferd, og så dette med gjentene, stakkars folk. Etter middag var det ’på’an igjen’, som dei sa. Heldigvis slapp me å lessa, det var andre sin jobb. Mange ferdene vart det ikkje den dagen, det var så lang veg.

I mørkninga om kvelden drog me på heimveg. Litt arbeid hadde me no gjort. Ikkje så mykje betaling fekk me heller, etter notidsrekning. Løna skulle me få om laurdagen. Femti øre for timen var løna for karen, og ei krone og tjue for hesten. Den femtiøringen for timen måtte me no gøyma, tenk, fyrste dagsverk for andre var gjort.


Spør om me var glade, jo det kan du tru me var. Ikkje berre for pengane, men fordi me hadde vore ute på arbeid for fyrste gong.

---

Julebåten i 1952.

Julebåten.

(Stil skrevet på Solborg ved Stavanger jul 1952,

av Nils Dybdal-Holthe.)

Det er onsdag, me set ved kveldsbordet. Dei pratar og ler, og praten går om dette eine emnet: julebåten. Men oppe ved enden av bordet, ved læraren, foregår det noko som dei andre ikkje aner: Styret skulle be om fri for den kvelden. Vel, opp til styraren bar det i full fart, og der vart det ikkje nei å få. ”Det er gammal tradisjon for skulen det,” svara han.

Neste dag, om morgonen, vart det sagt at dei som ville kunne taka seg fri den dagen, båten skulle koma kl. 6, så det var no ei flott tid, det. Dagen gjekk, smått og roleg, men kveld vart det no – med tida.

Me er komne ned til kaien i Stavanger, to-tre stykke, og tenkjer på å få oss litt mat. Me har ikkje ete til kvelds. Me er alt på veg bortover då me får høyra at folk er byrja å samla seg ned ved kaien. Det var Strandkaien båten skulle leggja til. Me ville no sjå etter om det var sant. Å, jau, så sanneleg, ei horg av folk var alt på veg utetter. Svart av menneskelege kryp i dette gråe desemberveret såg me. Me for ut i vill fart, ut dit skulle og ville me, å koma for seint var inga mon i. Der ute var alt mykje folk, musikken skulle spela kl. 6 (18), så folk ville no høyra den og. Siste melding var at båten skulle koma kl. 7.

Klokka var ½ 6 då me kom, og her stod me, og kom oss heilt fram til sperringa. Ungane kraup opp på bilar og kva dei såg, dei var elleville av gleda, no når julebåten skulle koma.

Men det var ikkje berre ungane som gledde seg, dei vaksne var der og. Full av spaning og gleda stoid dei der, tolmodig å venta. Aldri har vel ventetida vore so lang som då.

Etter kvart kom det fleire og fleire til, folk strøymde til frå alle kantar av byen. Musikken spela, jula var alt komen, slik stemning var det. Det sila ned frå den gråe himmelen. Det var som det var slept or ein sekk i dag. Skodda låg tett og tung over byen, det var som gass var slept laus. Han ville mest kvela oss, ein trykkjande stemning rådde mellom alle.

Folk kom og kom, kaien var svart av folk, oppetter alle gater og hol, kvar dei kunne finna ein stad å stå – der stod det nokon. Det vara mest fælt å stå, ja stå, ein trong ikkje stå, dei skudde og trykte frå alle kantar. Me stod som sild i tunne, pakka i boks.

”Der kjem ’an!” ropa dei ut. Det gjekk ein styng gjennom folk, det var som det ikkje vart nok luft å pusta i. Båten seig nærare og nærare, men nei, den usle ”Jupiter” frå Newcastle var det. – Ei ny ventetid kom, verre enn før. Men klokka gjekk i kveld og, om ho so gjekk i sirup og tjære i dag, tykte me då.

Etter 1 ½ times venting høyrde me han bles, og snart etter såg me sto store, glitrande juletre, høgt, høgt over alle hus, langt der ute i vest. Seint men sikkert seig den store kolossen inn mot land. Trengsla vart no reint fæl på kaien, alle trengde på og ville fram. Sperringa heldt på og ville ryka.

Politiet jagar og smell, dei har full hyre med å få folket på plass. Ungane er verst. Dei kryp under og kjem seg fram. Ein heil del folk har kjøpt billett, og er komne heilt fram.

Endeleg er han komen inn til land, denne kjempekolossen ”Stavangerfjord”. Regnet er letta litt, men likevel. ”Stavanger er blitt ein Bergen no,” kunne ein høyra folk seia. Og det er sant.

Fyrste mann i land var ”julenissen”, og då vart det trengsel som aldri før. Alle velta fram i vill jubel, som eit slag i gamle dagar. Alle mann var komne på dekk, dei vinka so tårene rann, og jubelen var på høgkant hjå dei fleste. Folk på land ropa til kjende og kjære om bord. Mange tårer vart felte midt i all gleda, men gledestårer er alltid nokre velsigna tårer. Ein onkel eller tante var ventande heim med julebåten. Mange var dei som fekk koma heim, og godt mottekne vart dei. Det var ikkje vanskeleg å sjå.

Mellom alt dette var det ein som vart gløymd: Julenissen. Ja, kvar var han vorten av? Jau, han var no ute med sekken sin i år også, den karen. Han slengde appelsiner inn i folkehavet, og folk vart som galne. Eg skal seia at appelsinane vart populære i dag, og særleg frå julenissen då, det var jo det som var det fornemste av alt.

Midt i alt det travle, både for julenissen og folket, var det som denne ”verguden” ville ha eit ord med i laget, han og. Best som det var kom det ein pøs, det var som om han slepte det ut or ein sekk. ”Opp med paraplyen!” sa folk. No kom han vel med, den og. Men best vart det opphald ei stund, og jubelen byrja på nytt.

Det meste er over, og folk flest er byrja på heimveg. Båten skulle visst liggja her lenge, så til slutt kunne me ikkje vera. Mang ein nordmann frå Amerika kom den dagen heim til fedrelandet. Kanskje var det etter 20-30 års fråvær. No kjem dei heim. Dei ser landet, dette fagre fedrelandet, og må syngja ut:

Å, eg veit meg eit land,

Langt der oppe i nord,

Med ei lysande strand mellom høgfjell og fjord.

Der me gjerne er gjest, der mitt hjarta er fest,

Med dei finaste, finaste band.

Å, eg minnest, eg minnest so vel dette land.

--