onsdag 20. august 2008

Arméen.

Minner frå FA 2.

Eg var og ein av ”våpendragerne” i 1955-56 og er med på biletet i førre nummeret, mellom Rolf Larsen og k.sersj. Grotmål. Eit par ting frå krigsskuletida renn meg i tanke.

Etter krigsskuletida var eg eit år ute som offiser – på Gjøvik, Hamar, Rena og Steinkjer. Men året deretter kom eg attende til Krigsskulen og var ”kadett-løytnant”. David Welander var framleis sjef for skulen – eller ”trenings-instituttet”, som dei kalla det i England.

Eg byrja rett etter årskonferansen ( ) då det ikkje var kadettar der. Då hadde eg stort sett berre praktiske oppgåver. Eg skulle stella i hagen. Lengst borte frå skulen på ”guttefløyen” var det ein grønnsakåker. Mellom alle plantene vaks det sjølvsagt ugras, og det vart mi offisersoppgåve å lugga bort alt slikt. Som bondegut heimefrå var eg vel kjend med det, så her var eg faglært. Eg skulle og slå plenen, og det vart lange rader å gå med handdriven klyppar.

Laurdag var også arbeidsdag. Eg hadde ikkje fått beskjed om kor lenge eg skulle jobba på ein laurdag. Så den første veka låg eg i åkeren og lugga utover ettermiddagen. Eg hugsar eg kikka opp til skulen og tenkte: Kva tid kan eg ta fri? Eg hadde vore norsk soldat i det militæret og hadde slik lært disiplin og respekt for uniformer og titlar.

Obersten hadde nok sett kva eg dreiv med. Langt om lenge kom han stigande nedover plenen til åkeren i sin fine uniform og sa: Arbeider du ennå? Kva skulle eg svara på det – det såg han jo. Men så sa han det eg venta på: Du må nok ta fri nå, det er jo lørdag! Og dermed var den økta over.

I tillegg skulle eg vaska golv og tørka støv for nokre av offiserane, m.a. Welander. Ein gong han var borte på reis, skulle eg inn der for første gong. Og eg hugsar eg gjekk inn i romma deira med stor age då eg tørka støv av nattborda på soverommet deira. Hadde eg lov å gå der? Me hadde stor vørdnad for ”overmakta” i dei dagar.

Somme kveldar skulle eg og tala ved ulike korps i Oslo. Ein slik kveld hadde eg tala sterkt om kallet til å tena Gud, trur eg. For etter møtet sa offiseren ved korpset til meg: Eg følte du helst tala til deg sjølv. Kanskje eg var usikker på kallet og måtte tala meg trygg.

Tanken på den tida var at eg skulle ut som offiser på ei misjonsmark. Og då lånte eg ein platespelar av skulen – det var s. major Arne Fiskaa som skaffa han. Så kjøpte eg eit Linguaphonekurs i spansk og prøvde å læra noko av det. Det vart helst lite. Eg skulle og til doktor i det høve og få attest på at eg hadde god nok helsa til det. Attesten fekk eg ikkje sjå, den gjekk direkte til HK. Og noko utreise vart det ikkje.

Slik har eg sett at det ikkje alltid går slik me sjølv tenkjer i unge år. Ikkje alltid er Guds vilje og veg den me trur det er. Eller kanskje gjorde me feil og gjekk nokre gonger vår eigen veg? Slike spørsmål vil vel fylgja oss til enden av livet, og svaret vil bli openberra for oss i æva.

Likevel var Gud den same. Hans nåde var og nok for alle synder. Så får eg og leva livet med Gud ved Guds nåde.

Det året eg var kadett var eg på skulen i juletida. Då var det slik at sjølve julekvelden skulle alle vera på skulen, ingen fekk reisa heim sjølv om dei var frå Oslo. Grunnen var nok at ingen skulle kjenna seg utafor, særleg me som hadde lang veg å dra heim. Difor var det ein stor og fin flokk som var samla julekvelden. Skulen hadde teke vare på alle brev og kort og pakkar utan at me visste om det. Dei fekk me først julekvelden.

Men dei ordna det også slik at dei som ville reisa heim etter jula og før nyttår, fekk høve til det. Svært mange gjorde det, tykte deg. For meg vart det for dyrt og eg valde å vera att saman med ein del andre, truleg dei som kom frå Nord-Noreg og kanskje andre.

Då fekk me eta maten vår på kjøkken og var elles i lag med dei. Ein dag var eg visst litt nedtrykt til sinns og kanskje mutt. Ein av dei eldre kvinnelege offiserane (eg trur det var major Hjørdis Holmen) såg på ungguten at noko var feil og sa stille: Du, kan du ikkje finna noko du kan vera glad for og takka for?

Det vekte meg. Eg gjekk opp på rommet mitt og tenkte: Kva kan eg takka for? Jo, eg hadde vakse opp i ein kristen heim – det hadde ikkje alle. Det måtte eg takka for. Og eg fekk vera ein kristen ungdom – det var takkeemne. Eg tykte helsa mi var bra, eg var ikkje sjuk – så takka eg for det. Og slik blei det ei heil lang liste. Det har seinare vore til hjelp for meg, og eg har nemnt det på mange møte kring i landet. Har du ikkje noko å takka for?

Svaret er ja. Gud skal ha takk. Og i himmelen vil me finna endå meir å takka for!

Nils Dybdal-Holthe.

Ingen kommentarer: